Skriftleg spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:83 (2001-2002)
Innlevert: 17.12.2001
Sendt: 18.12.2001
Svart på: 04.01.2002 av kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Meiner statsråden at ein søknad om spelemidlar til fleirbrukshall i ein kommune som verken har kulturbygg eller idrettshall frå før bør gå føre ein som har fått tilskot til fleire?

Grunngiving

Eg viser til svar på skriftleg spørsmål nr. 18 datert 2.11.01 der statsråden gir ei orientering om regelverket frå 2002. Ho kommenterer ein søknad frå A/L Finnøy Fleirbrukshall med at søknaden ikkje var prioritert frå fylkeskommunen i 2001. I Finnøy har dei arbeidd med planar i fleire år, dette er gjort i nært samspel med rådgjeving frå fylkeskommunen. Teknisk godkjenning inneber frå fylkeskommunen at hallen på Finnøy er i "kø" med første utbetaling i 2002. Det som skaper problem er at finansieringsplanen er etter reglar som no er endra. Statsråden legg vekt på rettferd i sitt siste avsnitt. Det difor viktig å få avklart om ho i det også legg at barn og unge som frå før ikkje har høve til aktivitetar tilknytta ein hall skal vektleggjast ved prioritering av søknader.

Valgerd Svarstad Haugland (KrF)

Svar

Valgerd Svarstad Haugland: Den politiske vurderinga av om ein søknad skal gjevast prioritet i høve til andre søknader er delegert til fylkeskommunane, som står fritt i si vurdering. Departementet går ikkje inn og overprøver det vedtaket som fylkespolitikarane gjer.
Til grunn for avgjerda i fylkeskommunen ligg kommunale og fylkeskommunale planar. Eg legg til grunn at dei ulike behova for idrettsanlegg er drøfta i desse planane.