Skriftleg spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:128 (2001-2002)
Innlevert: 18.01.2002
Sendt: 18.01.2002
Svart på: 28.01.2002 av finansminister Per-Kristian Foss

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kan finansministeren gi ein oversikt over status når det gjeld eit lovverk som sikrar høve til å registrera eit dødfødd barn med namn i folkeregisteret?

Grunngiving

Eg viser til svar på skriftleg spørsmål nr. 475 (2000-2001) der dåverande finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i skriftleg svar til underteikna sa at han ville ta kontakt med Skattedirektoratet for å få greidd ut om det er vesentlege administrative eller praktiske innvendingar mot å tilby ei slik ordning. Eg ber statsråden medverka til naudsynte endringar, herunder også at faren, ikkje berre mora, vert ført inn i folkeregisteret og at ordninga vert gjeven tilbakeverkande kraft for dei tilfelle der einskilde foreldre ynskjer tidlegare dødfødde barn registrerte.

Per-Kristian Foss (H)

Svar

Per-Kristian Foss: Departementet er i kontakt med Skattedirektoratet om denne saka. Direktoratet meiner at dødfødde ikkje kan få fødselsnummer, fordi det ikkje er heimel for registrering i det sentrale fødselsregisteret. Opphavlege er ordninga med fødselsnummer ikkje laga med omsyn til dødfødde. Eit problem kan også vera at ei ordning med automatisk tildeling av fødselsnummer til dødfødde ville føre til registrering av namn og farskap også når foreldra ikkje ynskjer dette.
Departementet meiner at ei ordning med registrering av namn og farskap for dødfødde bør vera frivillig for foreldra. Slik registrering kan også skje utan at det vert tildelt fødselsnummer, ved at det lokale folkeregisterkontoret tar imot meldingar om namn og farskap og registrerer desse opplysningane i registeret over dødfødde. Departementet vil oppmode direktoratet til å gje nærare retningslinjer om registrering av namn og farskap i dødfødtregisteret, og informere dei lokale folkeregisterkontora betre om at det er mogleg med slik registrering.