Skriftleg spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:163 (2001-2002)
Innlevert: 01.02.2002
Sendt: 04.02.2002
Svart på: 08.02.2002 av miljøvernminister Børge Brende

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Utstein kloster i Rogaland er eit særeige anlegg, eineståande i nasjonal samanheng. Anlegget og området rundt er freda etter kulturminnelova. Nå har Riksantikvaren gjort vedtak om at anlegget skal kalkast, trass i store protestar frå eit samla lokalmiljø.
Vil statsråden ta initiativ til ei ny vurdering av dette og ta omsyn til lokalbefolkninga sitt syn?

Grunngiving

Riksantikvaren grunngjev avgjerda med historiske og tekniske omsyn, men tykkjest ikkje å leggja noko vekt på lokalbefolkninga sitt syn. Det tykkjest heller ikkje å vera vurdert om dei tekniske omsyna kan ivaretakast på andre, og kanskje billegare måtar. Uansett vil det kosta ekstra å kalka og vedlikehalde anlegget. Erfaringar viser at det har vore vanskeleg å få tilstrekkelege løyvingar til vedlikehald.
Sidan heile Mosterøya er freda, er det lagt strenge restriksjonar på kva dei som bur der kan gjera med sine bygningar og sitt areal. Då ville det vera rimeleg at det på den andre sida vert teke omsyn til deira syn på korleis Utstein kloster skal sjå ut.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Spørsmålet knytter seg til Riksantikvaren sin avgjerd om å kalke Utstein kloster i Rogaland.
Utstein kloster er det mest intakte klosteranlegget i Noreg frå mellomalderen. Kulturmiljøet rundt Utstein kloster i Rennesøy kommune, Rogaland, blei freda i 1999. Klosteret vert no restaurert, mellom anna fjernar ein salt, gjer reparasjonar av muren, kalkpussar deler av anlegget og kvittar alle ytre murflater.
Riksantikvaren har etter kontakt med Stiftelsen Utstein kloster, som eig anlegget, greia ut spørsmålet knytt til restaurering av Utstein kloster, og meiner at kalkpussing og kvitting av murverket er den beste måten å vedlikehalde anlegget på. Kalkpussinga vil også gjere klosteret betre verna mot skader og tidas tann. Riksantikvaren har i den tekniske vurderinga rådført seg med Norges Byggforskningsinstitutt og Norsk institutt for kulturminneforskning. Stiftinga har sagt seg einig i dei vurderingane som er gjort.
Riksantikvaren har vurdert andre metodar, mellom anna impregnering med fuktavvisande middel, men komme til at desse ikkje fyllar tekniske og kulturhistoriske krav. Når det gjeld vedlikehald av freda bygningar og anlegg legg ein vekt på å bruke gamle handverksteknikkar og materiale som har vore brukt gjennom fleire hundre år, og som har dokumentert si styrke.
Direktoratet har overfor stiftinga gjort greie for den kulturhistoriske bakgrunnen for kalking og kvitting i høve til Utstein kloster og byggeskikken i mellomalderen og på 16- og 1700-talet. Riksantikvaren meiner at klosteranlegget etter alt å døme har vore kalkpussa gjennom heile sin tidlegare historie. Byggjeskikken frå 1200-talet og fram mot slutten av 1800-talet tilseier at eit grovhugga murverk som Utstein kloster har hatt kalkpuss.
Når det gjeld dei økonomiske sidene knytt til kalking, viser Riksantikvaren i sitt brev av 24. oktober 2001 til Stiftinga, til at ein må rekne med at dei årlege vedlikehaldskostnadane knytt til kalking og kvitting av klosteret, nok vil koste meir enn ordinært vedlikehald. Imidlertid vil dette medføre redusert behov for framtidige store og dyre skippertak.
Ordinært vedlikehald av freda eigedomar er eigar sitt hovudansvar. Dersom kostnadene til vedlikehald enkelte år blir ekstraordinært store, har Riksantikvaren i sitt brev signalisert at direktoratet vil vere innstilt på å dekkje ein del av desse vedlikehaldskostnadene.
For øvrig er kostnadene ved den pågåande restaureringa i stor grad blitt finansiert ved statlege midlar over Riksantikvaren sitt budsjett.
Denne saka viser at spørsmål knytt til ivaretaking av kulturminner skaper stort engasjement lokalt. Dette er svært positivt, og det er viktig at vernemyndigheitene ikkje berre har kontakt med eigarane, men også vektlegg informasjon og kontakt med lokalbefolkninga. Eg har forståing for lokalbefolkninga sin reaksjon på ein så dramatisk endring av deira lokalmiljø som kalkinga av Utstein kloster inneber. I denne saka støttar eg likevel Riksantikvaren sin avgjerd. Utstein kloster er av stor nasjonal verdi, og ein fortsatt bevaring av klosteret må derfor vege tyngst i denne saka.