Skriftleg spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:273 (2001-2002)
Innlevert: 20.03.2002
Sendt: 21.03.2002
Svart på: 26.03.2002 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Ein fiskar er høvedsmann og eigar av fartøyet M/S "Leika" H-19-L. Det er makrellfiske med levering til Bogen Marinfisk AS som er hovudvirke for fiskaren. Fiskaren er pga. alder ført på blad A i fiskarmanntalet. Pga. forskriftsendring misser han no størstedelen av makrellkvoten (Jfr. J-261-2001).
Synest statsråden det er fornuftig at sjølvstendig næringsdrivande vert "pressa" over i pensjonstilværelse, samtidig som det vert hevda å være mangel på arbeidskraft?

Grunngiving

Bogen Marinfisk AS er ei verksemd som er basert på konsesjon for langtidslagring av makrell med marknadstilpassa ressursuttak, verksemda er eit gründerprosjekt som det foreløpig er få av i Noreg.
Langtidslagring av makrell har vore vellukka og gitt gode resultat.
Langringa betyr at makrellen kan seljast for ein marknadspris som er opptil 5 gonger høgare enn marknadsprisen då den blei fiska.
Bogen Marinfisk AS hadde etter makrellsesongen 2001 langtidslagra ca. 34 tonn makrell.
Eigarane av Bogen Marinfisk AS er også mannskap, på fartøyet M/S "Leika" H-19-L, under makrellfiske.
Sidan fiskaren no misser størstedelen av sin makrellkvote pga. forskriftsendring, skaper dette også store problemer for Bogen Marinfisk AS som dei siste åra har gjort betydelege investeringar.
Selskapet gir inntektsgrunnlag for fleire fastbuande, og representerer verdiskaping og gründervilje i eit distrikt som har mangel på nyetableringar og arbeidsplassar.
Dersom selskapet ikkje lenger får sikre leveransar av levande makrell, vil verksemda stansa opp med påfølgjande avvikling/konkurs.
Betydeleg kompetanse og erfaring på dette området kan då gå tapt.

Svein Ludvigsen (H)

Svar

Svein Ludvigsen: Deltaking i fisket etter makrell for fartøy under 13 meter blei avgrensa i 2002. Deltakeravgrensninga kom som ei følgje av at fangstkapasiteten for denne gruppa var større enn kvotegrunnlaget. Når knappe ressursar skal fordelast blir det alltid eit spørsmål om kven som skal få tilgang til å hauste av ressursane. Mi haldning har vore at vi først og fremst må sikre lønnsemd i alle ledd. Det tyder at heilårsfiskaren i første rekke må sikrast eit driftsgrunnlag når kvotene blir redusert. I forskrift av 10. desember 2001 om adgang til å delta i kystfartøygruppas fiske etter makrell for fartøy under 13 meter i 2002 er det eit vilkår for å få løyve til å fiske makrell at ein må vere ført på blad B. Det er ikkje gitt dispensasjonsheimel frå dette kravet, men ein kan få tilgang til eit avgrensa makrellfiske når ein er ført i manntalet.
Fiskarmanntalet er delt i to grupper, blad A og blad B. Blad B er gruppa for dei som har fiske som hovudnæring. Eit av vilkåra for å stå på blad B er at ein ikkje er i full verksemd i tillegg til fiske. I forskrift av 26. september 1983 § 5 punkt 2 heiter det at utbetaling av full alderspensjon vert rekna som full verksemd utanom fiske. Ved fylte 70 år vil ein motta full alderspensjon, jf. lov av 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 19-4, og ein blir difor flytta over til blad A i fiskarmanntalet.
Etter fylte 70 år har ein etter folketrygdlova ikkje lengre høve til å velje om ein vil ha utbetalt full alderspensjon eller ikkje. I fiskerinæringa er vi heilt avhengig av rekruttering samtidig som vi må sikre eit godt driftsgrunnlag for dei aktive fiskarane. Overføring frå blad A til blad B ved fylte 70 år er blant anna eit verkemiddel for å sikre at det er rom for nyrekruttering. Ved fylte 70 år har ein framleis høve til å fiske, men i eit litt mindre omfang enn fiskarane som står på blad B.
Eg meiner difor det er riktig at ordninga med overføring frå blad B til blad A i fiskarmanntalet ved fylte 70 år vert oppretthalde. Ein har då hatt høve til å drive aktivt fiske i mange år og det er viktig at unge menneske også får moglegheit til å kome inn i fiske og få eit breitt driftsgrunnlag.