Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:315 (2001-2002)
Innlevert: 17.04.2002
Sendt: 18.04.2002
Svart på: 24.04.2002 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Vil statsråden innføre ei omfangsavgrensing i lov om handelsverksemd med brukte og kasserte ting (brukthandellova) av 1999 slik at den ikkje omfattar avfalls- og gjenvinningsbedrifter som driv mottak av produksjonsavfall?

Grunngiving

Lov om handelsverksemd med brukte og kasserte ting (brukthandellova) trådde i kraft 1. januar 2000, og omfattar i dag både brukte varer og avfall som blir vidareselt og som går til gjenvinning. Fleire av avgjerdene i lova fører til unødige problem for gjenvinningsbedrifter. Desse blir pålagd blant anna:

- å protokollføra opphav av avfallsprodukta (med legitimasjonsplikt på vedkommande som leverer inn kasserte produkt)
- å lagre produkta i minimum 14 dagar
- å sørgja for at produkta ikkje blir øyde lagde i løpet av tida dei lovmessig skal haldast lagra.

Ved rasjonelt drivne gjenvinningsanlegg, blir produksjonsavfall handsama maskinelt, noko som lett fører til skade på produkta. Slike skader har inga innverknad for den følgjande gjenvinningsprosess, men vil vere i strid med loven sine avgjerder.
Ei innsnevring i retning av presiseringar om at lova skal omfatte produkt som blir kjøpt eller levert inn til bruktforretningar for vidare omsetning til ny forbrukar vil kunna vareta lova si hovudintensjon om å førebyggje omsetning av stolne eller ulovleg mottekne gjenstandar, samtidig som gjenvinningsbedriftene vert spart.

Ansgar Gabrielsen (H)

Svar

Ansgar Gabrielsen: Slik regelverket er i dag er det ikkje utan vidare slik at mottak av avfall er omfatta av brukthandellova med forskrift. Det følgjer av § 2 i brukthandellova at det er handelsverksemd med og oppkjøp med sikte på sal av brukte og kasserte ting som krev løyve frå politiet. Av dette følgjer at mottak av avfall som skal destruerast (ikkje omarbeidast og/eller vidareseljast), ikkje er omfatta av brukthandellova, medan mottak av skrapjern, stål og metall for vidaresal kan vere omfatta.
Departementet har allereie spørsmålet om forholdet mellom brukthandellova og avfalls- og gjenvinningsnæringa til vurdering. Vi har mellom anna motteke orientering om den konkrete verksemda til gjenvinningsverksemdene. Denne viser at dei driv innanfor fleire forskjellige verksemdsområde, der vurderinga i høve til brukthandellova kan slå noko ulikt ut. Nokre kan falle innanfor, andre ikkje. Det er derfor i alle høve to spørsmål som må vurderast og avklarast. For det første om avfalls- og gjenvinningsverksemder må ha brukthandelløyve for alle verksemdsområda, eller for nokre av dei. Ein førebels konklusjon er at det ikkje er trong for løyve innanfor alle områda.
Deretter må det vurderast om den eller dei delane av verksemda som fell innanfor regelverket, og dermed er avhengig av løyve for å drive lovleg, er av ein slik karakter at regelverket bør endrast. Eg er i denne samanheng open for å endra regelverket slik at det vert best mogleg tilpassa denne type verksemd, samstundes som hovudomsynet bak løyveordninga framleis vert teke vare på. Eg vil vidare ta kontakt med næringa for å drøfte desse spørsmåla vidare.