Skriftleg spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til finansministeren

Dokument nr. 15:356 (2001-2002)
Innlevert: 30.04.2002
Sendt: 02.05.2002
Svart på: 13.05.2002 av finansminister Per-Kristian Foss

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): I Innst. O. nr. 50 for 1999-2000 uttaler ein samla komité at "Det gis fradrag for kostnad til sikring av pensjon i offentlig pensjonsordning i arbeidsforhold". I KLP-avisen nr. 3 for 2002 vert det opplyst at Finansdepartementet har vald å oversjå denne avgjerda i Stortinget ved utforminga av skatteforskrifter. Forskriftene straffar verksemder med offentleg tilknyting, stikk i strid med intensjonane til Stortinget.
Vil finansministeren endre forskriftene i tråd med vedtaket i Stortinget?

Grunngiving

I odelstingsdebatten kring Innst. O. nr. 50 for 1999-2000 var fleire av talarane inne på merknaden og forslaget frå ein samla finanskomité knytta til spørsmålet om inntektsfrådrag for verksemder med offentleg tilknyting. Siv Jensen frå Framstegspartiet sa mellom anna: "Men det er særlig ett forhold jeg føler behov for å presisere, og det gjelder lovfestingen av fradragsrett for offentlig tjenestepensjon. Da er det viktig å unngå at det blir for store tolkningsmuligheter. Og jeg har lyst til å presisere noe fra innstillingen, for i innstillingen ligger det implisitt at dette skal gjelde alle - at alle virksomheter med offentlig tjenestepensjon skal få fradrag for sine pensjonsutgifter. Det betyr at virksomheter som etter tariffavtale eller etablert praksis har statlig eller kommunal tjenestepensjon, skal få fradrag." Øystein Djupedal sa i debatten mellom anna: "I tråd med tidligere skattepraksis blir det nå lovfestet at både kommunalt og statlig fristilte virksomheter får inntektsfradrag for innbetaling til tariffestede pensjonsordninger."
I KLP-avisen nr. 3 for 2002 vert det hevda at Finansdepartementet har valt å oversjå dette ved utforminga av nye skatteforskrifter. Ifølgje KLP-avisen vil verksemder med offentleg tenestepensjon, men der kommunar eig mindre enn 50 pst. av foretaket, ikkje lenger få inntektsfrådrag for sine pensjonsutgifter.

Per-Kristian Foss (H)

Svar

Per-Kristian Foss: Eg gjer fyrst merksam på at skattereglane berre set vilkår for retten til inntektsfrådrag. Dei vil berre gjelde når føretaket har skattepliktig verksemd. Kva for føretak som kan ha offentleg pensjonsordning for sine tilsette følgjer av andre reglar.
Under finanskomiteen si behandling av Ot.prp. nr. 47 for 1998-1999 Lov om foretakspensjon i Stortinget blei det teke opp forslag om eit nytt andre punktum i skattelova § 6-45. Forslaget blei vedteke. Den nye lovføresegna gir heimel for inntektsfrådrag for kostnad til sikring av pensjon i offentleg pensjonsordning. Den trådte i kraft med verknad frå og med inntektsåret 2000. Samstundes blei Finansdepartementet i nytt tredje punktum i skattelova § 6-45 gitt kompetanse til å fastsetje forskrift om vilkår for slikt frådrag. Vilkåra er fastsett i forskrift av 19. november 1999 nr. 1158 til utfylling og gjennomføring mv. av skattelova av 26. mars 1999 nr. 14, ved endringsforskrift av 8. mars 2002.
Ordlyden i skattelova § 6-45 andre punktum fastset ikkje kva for føretak som kan bli gjevne frådragsrett etter lovføresegna. Departementet har difor teke utgangspunkt i komiteen sine merknader til skatteloven § 6-45 andre og tredje punktum i Innst. O. nr. 50 for 1999-2000. Det visast til avsnitt 3.2 side 10:

"Komiteen viser til komiteens merknader i Innst. O. nr. 12 (1999-2000) avsnitt 31.1 om fradragsrett for tilskudd til kommunal tjenestepensjon. Komiteen viser til at kommunalt tilknyttede virksomheter som har kommunal tjenestepensjon i praksis tidligere er gitt inntektsfradrag for innbetalt premie. Komiteen viser videre til at en videreføring av slik praksis vil kreve en presisering ved behandlingen av Ot.prp. nr. 47 (1998-1999), jf. departementets vurderinger under avsnitt 3.2.2 i proposisjonen."

I Innst. O. nr. 12 for 1999-2000 avsnitt 31.1 visast det til likningspraksis.
Departementet har på denne bakgrunnen lagt til grunn at vilkåra for kva for føretak som skal bli gjevne rett til inntektsfrådrag for tariffesta kommunal pensjonsordning, må byggja på den likningspraksisen det visast til, sjølv om denne praksisen etter departementet sitt syn mangla heimel i skattelova.
Likningspraksis føreset at føretaka kan ha tariffesta kommunal pensjonsordning for sine tilsette. Dei aller fleste av føretaka som har hatt ei slik pensjonsordning, har hatt den i ei kommunal pensjonskasse eller KLP. Dei kommunale pensjonskassene har vedtekter som regulerer kva for føretak som kan ha pensjonsordninga si der. Vedtektene byggjer på Kredittilsynet sine standardvedtekter. Standardvedtektene § 1-1 siste ledd har følgjande ordlyd:

"Bestemmelse som er obligatorisk for pensjonskasser som omfatter flere arbeidsgivere:
Pensjonskassen kan også omfatte pensjonsordninger for selskap hvor kommunen eier mer enn 50 prosent av aksjene eller selskapsandelene, eller andre foretak eller stiftelser med nær tilknytning til kommunen. Kommunestyret og styret i foretaket eller stiftelsen må ha fattet vedtak om at pensjonskassen også skal omfatte foretaket eller stiftelsen. Pensjonskassens styre skal forelegges saken til uttalelse før vedtak treffes. Kommunestyrets vedtak skal godkjennes av Kredittilsynet."

Det går fram av standardvedtektene at kommunen anten må ha minst 50 pst. eigardel i eit føretak som blir teken opp i ei kommunal pensjonskasse eller at føretaket har såkalla "nær tilknytning" til kommunen. Kva som meines med "nær tilknytning" følgjer av Kredittilsynet sin praksis. Det blir mellom anna lagt vekt på om kommunen bidreg økonomisk eller har innverknad i styrande organ mv. Praksisen er i hovudsak avgrensa til stiftingar mv. som verken har eigarar eller skattepliktig verksemd. (For desse er rett til frådrag utan praktisk interesse). Kredittilsynet har opplyst at det ikkje blir teke opp mange føretak der kommunen ikkje er majoritetsaksjonær i dei kommunale pensjonskassene. Kredittilsynet uttalar om dette i høyringsfråsegna si:

"Når det gjelder praksis for opptak i kommunale pensjonskasser er det Kredittilsynets erfaring at det hovedsakelig er stiftelser og ikke-skattepliktige virksomheter som søker opptak på grunnlag av kriteriet om nær tilknytning til kommunen."

KLP har ei tilsvarande føresegn med følgjande ordlyd:

"Selskapet kan drive forsikringsvirksomhet etter forsikringsklasse I (uavhengig av kundegruppe) med følgende begrensning:

Som medlemmer i KLPs fellesordninger kan bare opptas forsikringstakere som er kommuner, fylkeskommuner eller helseforetak eller som er foretak, selvstendige virksomheter, institusjoner eller organisasjoner der kommuner, fylkeskommuner eller helseforetak har en majoritetsinteresse. Med majoritetsinteresse menes mer enn 50 prosent av både eierandelene og stemmerettighetene, eller tilsvarende interesse i forhold til foretakets, virksomhetens, institusjonens eller organisasjonens formål."

Denne føresegna følgjer av konsesjonsvilkåra i Finansdepartementet sitt brev av 28. mai 2001 til KLP Forsikring. Konsesjonsvilkåra lyder:

"Som medlemmer i KLPs fellesordninger kan bare opptas forsikringstakere som er kommuner, fylkeskommuner eller helseforetak eller som er foretak, selvstendige virksomheter, institusjoner eller organisasjoner der kommuner, fylkeskommuner eller helseforetak har en majoritetsinteresse. Med majoritetsinteresse menes mer enn 50 prosent av både eierandelene og stemmerettighetene, eller tilsvarende interesse i forhold til foretakets, virksomhetens, institusjonens eller organisasjonens formål."

Tilsvarande vilkår følgde av tidlegare konsesjon.
Utkastet til forskrift blei sendt på høyring den 21. desember 2000 under regjeringa Stoltenberg. Det er etter mi meining inga realitetsendring med omsyn til eigarkravet i forskrifta av 8. mars i år i høve til det som låg i høyringsutkastet.
Påstanden i KLP-avisen nr. 3 april 2002 om at Finansdepartementet trassar Stortinget er etter mi vurdering ikkje korrekt. Departementet har i forskrift ført vidare den "uheimla" praksisen som blei ført tidlegare. Det kan registrerast at KLP-avisen argumenterer for at barnehagar og andre føretak med kommunal minoritetsinteresse på eigarsida, altså i hovudsak privateigde føretak, skal kunna ha offentleg pensjonsordning med rett til inntektsfrådrag. Men avgjerda i Stortinget går ikkje så langt. Det er heller ikkje ønskjeleg at forskrifta om inntektsfrådrag gjer det. Privateigde føretak bør i staden følgje lovverket for foretakspensjon mv. med rett til inntektsfrådrag, og så får offentlege pensjonsordningar være offentlege.