Skriftleg spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:366 (2001-2002)
Innlevert: 08.05.2002
Sendt: 08.05.2002
Svart på: 16.05.2002 av kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kvitsøy kommune i lag med m.a. fylkesmannen i Rogaland og kyrkjelege instansar engasjerer seg for å få tilbake frå Norsk Folkemuseum ei altartavle frå 1620.
Meiner statsråden at lokale kulturskattar i større grad enn i dag bør vera til glede og inspirasjon lokalt i staden for å bli oppbevart, ev. synt fram av og til, på museum?

Grunngiving

Eg vil gjere statsråden merksam på det breie engasjementet som er kring altartavla på Kvitsøy. Tekniske konservatorar har vore på synfaring på Kvitsøy. Dei frårår tilbakeføring. Olav Aaraas, direktør ved Norsk Folkemuseum, uttalar til Stavanger Aftenblad at deira syn er viktig, men ikkje avgjerande. Ifølgje NRK Rogaland vil departementet bli rådspurt. Eg oppmodar statsråden til å medverke til at eit klenodium kjem i kyrkjeleg bruk att.

Valgerd Svarstad Haugland (KrF)

Svar

Valgerd Svarstad Haugland: Spørsmål knytte til tilbakeføring av kulturhistorisk materiale frå sentrale samlingar til lokalsamfunn kring i landet, er blant dei som er vurderte av Norsk museumsutvikling, staten sitt organ for museumsspørsmål i ei eiga innstilling "Utlån og avhending av materiale fra museenes samlinger" i 2000. Her vert det konkludert med at like viktig som dei einskilde lokale ønskemåla om tilbakeføring av kulturskattar, er verdien av å oppretthalde sentrale samlingar av kulturhistorisk materiale av stor nasjonal verdi. Desse samlingane er ein del av historia vår, og dei har vore - og vil også i framtida vera - naudsynte for å fortelje og illustrera viktige drag i kulturutviklinga i Noreg. Som i alle andre land er også musea i Noreg kulturberarar og vegvisarar. Denne funksjonen er sjølve grunngjevinga for deira eksistens. Ei generell utsegn frå Kultur- og kyrkjedepartementet si side om at lokalt materiale i sterkare grad bør førast ut av musea våre og attende til lokalsamfunna, ville riva grunnen vekk under dei fleste musea i Noreg og under det arbeidet med opplysing som dei driv. Denne politikken må til kvar tid utformast av dei institusjonane som sit med ansvaret for dette materialet.
Det er viktig for Kultur- og kyrkjedepartementet å understreka dette. Museum landet over tar jamleg imot sterke ønske og krav frå lokalsamfunn om tilbakeføring av materiale som i si tid vart kjøpt eller gitt til musea. Når ein gjenstand etter nøye vurdering vert ført attende, kan ikkje dette automatisk skapa presedens i alle liknande saker. Då vil musea sine samlingar ganske raskt bli reduserte. Dette vil ikkje landet vårt vera tent med.
Etter Kultur- og kyrkjedepartementet sitt syn må såleis alle spørsmål om tilbakeføring av kulturhistorisk materiale frå musea bli sett som særskilde saker og vurderast kvar for seg. Ei slik vurdering er det Norsk Folkemuseum no gjer i høve til altertavla frå Kvitsøy kyrkje. Det er grunn til å understreka at Norsk Folkemuseum er ei sjølvstendig stifting, og at det ligg til museumsleiinga å ta den endelege avgjerda om attendeføring eller ikkje, utan føringar frå Kultur- og kyrkjedepartementet si side. I denne saka meiner Kultur- og kyrkjedepartementet at Norsk Folkemuseum har lagt opp til ei grundig og forsvarleg saksbehandling, og departementet har full tiltru til at museet vil løysa saka på ein god måte.