Skriftleg spørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:492 (2001-2002)
Innlevert: 20.06.2002
Sendt: 20.06.2002
Svart på: 28.06.2002 av finansminister Per-Kristian Foss

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): I eit parforhold blir årsoppgåve for felles lån med renteutgifter automatisk sendt til mannen. Dei avgjer sjølve kven som skal få frådraga. Ved skilsmisse vert heile frådraget for rentene ført på mannen si sjølvmelding. Likningskontoret seier at dersom kvinna skal få frådrag, er ho avhengig av at mannen endrar si sjølvmelding. Dette skjer ikkje automatisk.
Er dette korrekt, og i tilfelle vil statsråden ta initiativ til endring her, slik at ikkje kvinner framleis må vera avhengig av godvilje frå tidlegare ektefelle?

Grunngiving

Enno er det mest vanleg at lån som vert teken opp til felles hus står i begge sitt namn. Så lenge dei var gift kunne dei sjølve avgjera kven som skulle få frådrag for renteutgiftene. Begge har betalt på renter og avdrag.
Skilsmissen fann stad midt i året, og når kvinna mottok sjølvmelding for 2001 var heile frådraget ført på mannen. Likningskontoret opplyser at ho berre får sin del av frådraget dersom tidlegare ektefelle gjer tilsvarande endring i si sjølvmelding. Godvilje frå tidlegare ektefelle er ikkje alltid like lett å vera avhengig av.

Per-Kristian Foss (H)

Svar

Per-Kristian Foss: Som hovudregel skal frådrag for gjeldsrenter tilordnast den som er ansvarleg for gjelda, jf. uttrykket "skattyters gjeld" i skattelova § 6-40. Dette gjeld i utgangspunktet og for ektefellar, men i praksis godkjennast frådrag hos den av ektefellane som fører opp rentene til frådrag i sin sjølvmelding.
Gjeldsrenter som er pådratt i året for ein separasjon eller skilsmisse, kan førast til frådrag hos den ektefellen som har betalt rentene, såframt begge ektefellane er einige.
Dersom dei ikkje er einige, skal gjeldsrenter som er pådratt etter skilsmissen, førast til frådrag hos den som er ansvarleg for gjelda, dvs. i samsvar med det som er hovudregelen etter skattelova § 6-40. Er begge ektefellane ansvarlege for gjelda, skal gjeldsrentene fordelast likt, såframt det ikkje finnast opplysningar om at ektefellane heftar ulikt for gjelda. Tilsvarande gjeld og for renter som er pådratt før skilsmissa, i skilsmisseåret.
Som ein kan sjå ovanfor, vil retten til frådrag for gjeldsrenter ikkje vere avhengig av kva den tidlegare ektefellen fører opp i si sjølvmelding.