Skriftleg spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til statsministeren

Dokument nr. 15:523 (2001-2002)
Innlevert: 28.06.2002
Sendt: 28.06.2002
Rette vedkommende: Kommunal- og regionalministeren
Svart på: 05.07.2002 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Ei rekkje lokalsamfunn har i den siste tida vist eit sterkt engasjement for asylantar som har fått avslag på søknad om asyl eller opphald på humanitært grunnlag. Det vert m.a. frå KrF-ordførar Roar Obrestad i Suldal stilt spørsmål ved ytterlegare busetjing når barnefamiliar som kommunen har fylgt opp over lang tid vert sende ut av landet.
Vil statsministeren ta initiativ til å stanse utsending av barnefamiliar og føreta ein gjennom gang av høvet etter utlendingslova til å ta sterke menneskelege omsyn?

Grunngiving

Eg viser til at ein familie som har vore på flukt i 6-7 år og som har budd i Suldal i 18 månader, i dag vart henta av politiet og føre til Trandum for utsending til Montenegro i morgon tidleg. Dette skjer under klar og sterk protest frå så vel ordførar som soknediakonar, barnevern og mange andre som har arbeidd for å gi eit ungt og sjukt ektepar og tre mindreårige barn tryggleik og stabilitet. Ein nærare omtale av tilhøva i Sauda og Suldal er framført frå representanten Hallgeir H. Langeland og underteikna i brev av 3. juni d.å. til kommunal- og regionalministeren. Ho har i svar av 24. juni ikkje kommentert vår oppfordring om å tilkjennegi om det ikkje nett er kommunar som Sauda og Suldal ho ynskjer for å få til ei betre integrering. Eg viser også til brev av 31. mai frå Hallgeir H. Langeland og underteikna til statsministeren om ein kurdisk barnefamilie frå Syria. Denne familien har tilhald i Rogaland, og er i alvorlege vanskar fordi dei har fått negativt svar på søknad om opphald. Dette brevet har vi ikkje fått svar på. Endeleg viser eg til engasjement frå ordføraren i Os i Østerdalen for å hindre tilbakesending av ein barnefamilie frå Kosovo. Sentrumsregjeringa varsla ein gjennomgang med sikte på oppmjuking av høvet til å ta sterke menneskelege omsyn. Eg vonar statsministeren no vil fylgje opp det initiativet som då vart teke. Det synest ikkje å vere mindre behov for ein slik gjennomgang no.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Regjeringa sette før jul 2001 ned eit lovutval som arbeider med å foreslå ei eller fleire nye lover på utlendingsfeltet. Dei har frist til 31. desember 2003 med å leggje fram forslag til ny utlendingslovgjeving. Det er naturleg at utvalet drøftar om dei vil foreslå ei liknande ordning som finnest i gjeldande utlendingslov om at opphaldsløyve ved søknad om asyl kan gis dersom sterke menneskelege omsyn taler for det.
Regjeringa vil elles vurdera i kva grad sterke menneskelege omsyn skal leggjast vekt på ved søknad om arbeidsløyve. Dette vil bli gjort i samband med at Regjeringa legg fram forslag til oppmjuking av skiljet mellom faglært og ufaglært arbeidskraft.
Omsynet til barn og kva som er til beste for barnet er viktig i asylvurderinga. Praksis i Utlendingsnemnda og Utlendingsdirektoratet viser at det ofte blir gitt opphald på humanitært grunnlag på grunn av tilknyting barn har fått, eller på grunn av situasjonen barn lever i.
Det er ikkje Regjeringa sin politikk at alle familiar med barn skal få opphaldsløyve i Noreg. Dersom Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda kjem til at ein familie ikkje risikerer forfølging, har dei verken krav på asyl eller anna form for vern. Det skal alltid vurderast om det er sterke menneskelege omsyn i saka som taler for at opphaldsløyve bør gis. Dette har blitt vurdert i saka som spørsmålet refererer seg til, men Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda meiner at det ikkje er tilstrekkelege sterke menneskelege omsyn i denne saka. Det tar eg til etterretning. Eg har elles ingen planar om å stanse utsending av barnefamiliar som har fått avslag på søknad om asyl eller opphaldsløyve i Noreg.