Skriftleg spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:593 (2001-2002)
Innlevert: 30.09.2002
Sendt: 01.10.2002
Svart på: 08.10.2002 av utenriksminister Jan Petersen

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Fleire alternative løysingar har vorte nemnt i forhold til Israel sitt kjøp av 21 tonn tungtvatn frå Noreg i 1959. Fornye kravet om inspeksjon frå norsk side om at Noreg overlet inspeksjonsansvaret til IAEA og at Noreg krev å få levert tilbake tungtvatnet.
Kva er status for forhandlingane med Israel i forhold til inspeksjon av de 21 tonn tungtvatn Israel kjøpte frå Noreg i 1959, kva for nokre av desse alternativa er mest aktuelle å gjennomføre for Regjeringa i dag, og om eventuelt ingen av de er aktuelle; kva for alternativ har Regjeringa til å følgje opp ikkje-spreiingsavtala?

Grunngiving

Israel fikk kjøpe tungtvatn frå Noreg i 1959. Israel gikk ved kjøpet god for at tungtvatnet skulle brukast til fredelege formål. Det skulle seinare vise seg at Dimona-reaktoren som kom i drift i 1963 brukte tungtvatn frå Noreg. Saka kom på den politiske dagsorden på slutten av 1980-talet på grunn av den israelske atomteknikaren Mordechai Vanunus fråsegner. Det ble starta forhandlingar med Israel, kor man omsider kom fram til ein avtale kor Noreg fikk kontrollere 9 tonn tungtvatn, men ikkje slapp inn i Dimona-reaktoren.
Saka har fått ny aktualitet etter som det er et overordna politisk mål å få ned mengdene masseøydeleggingsvåpen i verda, og då ikkje minst i Midtausten.

Jan Petersen (H)

Svar

Jan Petersen: Noreg og Israel inngjekk i 1990 ei avtale om tilbakeføring av 10,5 tonn tungtvatn opphavleg eksportert frå Noreg i 1959. Kvantumet svarte til den mengda ein rekna med var i behald av det opphavlege kvantumet på 21 tonn etter 25 års drift. Avtala erstatta den bilaterale avtala mellom Noreg og Israel frå 1959. Etter tilbakeføringa av det resterande norske tungtvatnet som skjedde i desember 1991, var det ikkje lenger grunnlag for inspeksjonar frå norsk side.
I 70-åra vart det tryggleiksregime og dei kontrolltiltak ein kjenner i dag, utvikla. Ikkje-spreiingsavtala vart setje i verk i 1970. Eksportkontrollregimet Nuclear Suppliers Group vart etablert i 1976, men fyrst i 1991 vart det utvida til eit effektivt kontrollregime med omfattande varelister. I dag deltek 40 land i dette samarbeidet.
Eksportkontroll av kjernefysiske varer og teknologi har heimel i artikkel 111.2 i Ikkje-spreiingsavtala, som krev at partane skal sikre at det ikkje vert eksportert materiale som kan nyttast til utvikling av kjernefysiske våpen. Frå norsk side arbeider ein aktivt for å styrkje og effektivisere Ikkje-spreiingsavtala, m.a. på eksportkontrollområdet.
Tilsynskonferansen i 2000 oppfordra dei fire ikkje-partane, Cuba, India, Israel og Pakistan, til utal vilkår å slutte seg til avtala som ikkje-kjernevåpenstatar. Noreg vil føre vidare si aktive linje under førebuingane til Tilsynskonferansen i 2005. Noreg arbeider også aktivt innafor andre internasjonale fora for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen og deira leveringsmiddel.
Israel er medlem i IAEA, og har ei tryggleikskontrollavtale som gjer avgrensa inspeksjonsrett av nokre få reaktorar. Det ligg ikkje føre ei avtale som gjeld Dimona-reaktoren, noko som tyder at IAEAs inspektørar ikkje har tilgjenge der.
Noreg er deltakar i alle dei multilaterale eksportkontrollregima, og har engasjert seg aktivt i desse for å medverke til samordna internasjonal innsats for å hindre spreiing av teknologi og materiale som kan brukast til å utvikle masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen. I eksportkontrollregima samordnar medlemslanda sin eksportkontroll ved å legge til grunn felles kriterium ved eksport av strategisk materiale, utstyr og teknologi beskrivne på varelistene. Kontrollen vert gjennomført med utgangspunkt i nasjonal rett.
Eksportkontrollregimet Nuclear Suppliers Group vart etablert av land som ønska å samordne og gjennomføre ein vidare eksportkontroll av kjernefysiske varer og teknologi enn formuleringane i artikkel 111.2 i Ikkje-spreiingsavtala gjer høve til. Nuclear Suppliers Group sine retningslinjer krev m.a. at det ikkje vert eksportert kjernefysiske varer til statar som ikkje er partar i Ikkje-spreiingsavtala og at det ligg føre heildekkjande tryggleikskontrollavtale med IAEA som føresetnad for at leveransar kan finne stad. Med heildekkjande tryggleikskontrollavtale forstår ein den mest omfattande typen tryggleikskontrollavtale, det vil seie ei avtale som gjer IAEA-inspektørane ubegrensa innsyn i alle kjernefysiske aktivitetar som det aktuelle landet har. Det vert og stilt strenge krav til dokumentasjon og forsikringar om fredeleg bruk.
Noreg bidrar, gjennom si tilslutning til internasjonale ikkje-spreiingsregimer og nasjonale eksportkontrolltiltak, til å forhindre kjernefysisk spreiing til land som ikkje er partar i NPT-avtala og som ikkje har ei heildekkjande tryggleikskontrollavtale med IAEA. Vi er dessutan ein aktiv pådrivar ovanfor andre land med sikte på at desse skal påleggje seg sjølv dei same avgrensingar.