Skriftleg spørsmål fra Magne Aarøen (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:104 (2002-2003)
Innlevert: 18.11.2002
Sendt: 19.11.2002
Svart på: 25.11.2002 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Magne Aarøen (KrF)

Spørsmål

Magne Aarøen (KrF): Ifølgje NRK Sogn og Fjordane 18. november 2002 uttrykkjer vegsjef Lars Lefdal skepsis til organiseringa av dei nye regionvegkontora. For Vestlandet sitt vedkomande vart regionkontoret lagt til Leikanger. Vegsjef Lefdal hevdar at trass i dette, vil det ikkje skje noko overføring av kompetanse frå dagens vegkontor i Stavanger og Bergen til det nye regionvegkontoret. Noko som vil føre til ein tungvint administrasjon.
Er dette i samsvar med Regjeringa sine føresetnader for dei regionale vegkontora?

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Grunnlaget for den omstillinga som no blir gjennomført i Statens vegvesen er Regjeringa sitt arbeid med fornying av offentleg sektor. Målsetjinga er å overføre ressursar frå administrasjon til tenesteyting og effektivisere den samla ressursbruken. Omsynet til næringsliv, transportbrukarar og trafikantar har òg gjort det ønskjeleg å endre organiseringa av Statens vegvesen.
Regjeringa legg til grunn at organiseringa av Statens vegvesen skal gi styrking av distriktsprofilen gjennom dei 30 distriktsvegkontora som blir etablert. Stortinget har tidlegare slutta seg til Regjeringa sitt forslag om at ei ny organisering av Statens vegvesen skal innebere ei desentralisering gjennom delegering av oppgåver ut frå Vegdirektoratet, og vidare bygge på eksisterande kompetansemiljø innafor etaten. Det er føresett at den lokale medverknaden skal bli tatt vare på og på viktige område styrkt av omorganiseringa. Det er samstundes lagt til grunn at det er viktig å sjå større geografiske område under eitt, noko som gir moglegheit for samordning innafor nasjonale transportkorridorar og utvikling av mest mogeleg einskapleg vegstandard.
Eit fleirtal i Stortinget har i si handsaming av omorganiseringa understreka eit mål om å desentralisere 400-800 årsverk slik at den totale fordelinga mellom nivåa blir slik Regjeringa har lagt til grunn med om lag 7-8 pst. av bemanninga knytt til Vegdirektoratet, 20-25 pst. knytt til regionkontora og landsdekkjande einingar og 65-70 pst. knytt til distrikta.
Regionvegkontora skal ivareta heilskapsvurderingar i regional samanheng der dagens vegkontor blir for små. Til dømes skal strategisk planlegging vere ei viktig oppgåve for regionvegkontoret. Mykje av grunnlaget for samordninga innan regionen vil knyte seg til oppgåver innan høgtrafikkvegar, stamvegar, kollektivtrafikk osv. Dei faglege oppgåvene knytt til slike område vil i sterk grad måtte utførast av personell som er lokalisert der utfordringane er. Dette for å ha tilstrekkeleg kjennskap til problema og nærleik til lokale samarbeidspartar.
Regionvegkontora skal ivareta oppgåver som m.a. overordna leiing og samordning av verksemda, ressurskoordinering og eit overordna byggherreansvar. Dette er oppgåver som krev strategisk kunnskap og samstundes bygger på utstrekt samarbeid med distrikta og den lokalkunnskapen desse har opparbeidd. Alle regionane skal ha knytt tung, strategisk kompetanse til regionvegkontoret.
Og når det gjeld samordninga av regionen sine faglege ressursar blir det lagt til rette for klar styring og koordinering frå regionvegkontoret. Ressursane vil òg her i stor grad vere lokalisert der oppgåvene skal utførast med unntak av spesialist- og servicefunksjonar, som det vil vere effektivt å samle på ein stad.
Statens vegvesen er inne i ei omorganisering der det totalt i ein 3-årsperiode skal gjennomførast ei nedbemanning på om lag 20 pst. innan forvaltingsorganisasjonen. Produksjon skal skiljast ut som eige selskap. Det er på denne bakgrunn behov for å bygge opp meir kapasitet både i absolutte og relative tal innan m.a. byggherre, og også innanfor ein del forvaltningsoppgåver som produksjon i dag utførar. Desse funksjonane er i stor grad retta mot Vegvesenet sin utførande organisasjon, dvs. at personane fysisk må plasserast der budsjettmidlane blir tildelte.
I arbeidet med innplasseringa av dei tilsette som no går for seg, er det vanskeleg å få til ei flytting av medarbeidarar på kort sikt. Dette inneber at Vegvesenet legg opp til ordningar med pendling og fjernarbeid der dette er føremålstenleg for etaten og for den enkelte. Det vil vere heilt avgjerande for å kunne halde på den kompetansen etaten i dag har. Over tid vil dette endre seg når det skal nyrekrutterast til stillingar som er tillagt regionvegkontoret.
Regionane har no innplassert dei fleste av dagens tilsette og vil i løpet av omstillingsperioden utvikle vidare bemanningsplanar for 2006 og åra framover. For ein del stillingar er det føresett at vedkommande skal ha kontorplass på regionvegkontoret. Det er ønskjeleg å få folk på regionkontoret med røynsle frå heile regionen.
Regionvegkontoret i Leikanger vil ivareta si samordningsrolle i tråd med prinsippa for omorganiseringa. Føresetnaden om ei nedbemanning på 20 pst. i Statens vegvesen vil òg kunne få konsekvensar for bemanninga i Leikanger. Noverande innplasseringsplanar viser likevel at konsekvensane er atskilleg større for Stavanger og Bergen enn for Leikanger. Ser vi på summen for Sogn og Fjordane fylke, er utviklinga om lag identisk med det som er dagens situasjon.
Sett i forhold til den innplasseringa som skjer pr. 1. januar 2003, vil utviklinga generelt, etter det vi ser no, gå i retning av ein gradvis auke i gruppa tilsette på regionvegkontora. Eg er særleg opptatt av at regionfunksjonane som hovudprinsipp ikkje blir utøvd parallelt ved fleire kontor, men samlast for å medverke til ønskt effektivisering.
Regjeringa legg til grunn at Statens vegvesen gjennom denne omstillinga utviklar ei moderne og desentralisert forvalting. Eg kjem til å følgje utviklinga nøye og vil innhente informasjon jamleg frå etaten for å sikre at dei rammer og prinsipp som er lagt til grunn for omstillinga blir ivaretekne. Dette gjeld òg målet om å utvikle slagkraftige og effektive regionvegkontor i tråd med departementet sitt lokaliseringsvedtak av 5. februar 2002.