Skriftleg spørsmål fra Sigrun Eng (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:138 (2002-2003)
Innlevert: 27.11.2002
Sendt: 28.11.2002
Svart på: 05.12.2002 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Sigrun Eng (A)

Spørsmål

Sigrun Eng (A): Norges Miljøvernforbund hevdar i eit skriv til komiteen at reglementet for vintertrafikk over Hardangervidda er brote på fleire vesentlege punkt.
Kan statsråden avkrefte at så skjer, i tilfelle ikkje, kva vil statsråden gjera?

Grunngiving

Brev fra Norges Miljøvernforbundet til Stortingets samferdselskomité.

Dato:
Bergen, 22. november 2002

St.prp. nr. 1 (2002-2003) - Rv 7 Hardangervidda. Kolonnekjøring 22. november 2002. Ny alvorlig omgåelse av pliktig sikkerhetsrutine

Stortinget poengterte i St.prp. nr. 1 (2002-2003) at vinterdrift på Rv 7 Hardangervidda må skje i pakt med klare krav til ivaretakelse av trafikantsikkerheten. Det ble poentert at Rv 7 Vidda ikke er en helårsvei.
Vi har de siste ukene redegjort for nye alvorlige tilfeller av uakseptabel ivaretakelse av sikkerheten for trafikantene under vinterdriften av Rv 7 Hardangervidda. Senest i vårt faks med dokumentasjon vedlagt 19. november 2002 avdekker vi at vegkontoret i omfattende grad bryter stående instruks for kolonnekjøring på Vidda ved oppsetting av opptil 87 biler i kolonne. Maks tillatte antall kjøretøy iht. sikkerhetsforskriften er 25 biler. Kjøretøysbegrensningen skyldes bl.a. tidligere meget alvorlige hendelser under kolonnekjøring på Rv 7 Vidda der store kolonner var involvert i det som nær var endt i de største ulykker vi har hatt på det norske vegnett. Vi avdekker at brøyteloggene er meget mangelfullt utfylt.
Vi mottok d.d. ny rapport fra trafikant om klart irregulær og forskriftsstridig ivaretakelse av trafikantsikkerheten på Rv 7 Vidda da sikkerhetsforskriften om kjettingplikt for tunge kjøretøy under kolonnekjøring ble brutt. 1 lastebil og 2 trailere ble 21. november 2002 ca. kl. 20:40 ledet i kolonne fra Haugastøl til Eidfjord. Ingen av disse ble pålagt å legge på kjetting. Vegkontoret unnlot i tillegg å gi informasjon om pliktig bruk av nødblink. Ei heller fikk de kolonnebrosjyren.
Kjettingplikten er absolutt. Dette viser også det store røde informasjonsskiltet som er plassert ved Rv 7 Haugastøl der det sies at alle kjøretøy over 3,5 tonn skal ha kjetting på under kolonnekjøring.
Som vi har dokumentert i vår granskingsrapport i fjor samt senere brever Hordaland Vegkontors strategi å gjøre Rv 7 Vidda til en trafikal frisone der en prøver å lokke tungtransporten vekk fra Rv 50 Aurland-Hol og Lærdalstamvegen. Vi antar dette er hovedforklaring på bruddene på sikkerhetsforskriftene. Ved å unnlate å pålegge kjettingbruk spares sjåførene for mye møye og ubehag på sin ferd øst/vest. Vi har tidligere påpekt det påfallende lave antall kjøretøykontroller på Rv 7 Vidda sammenlignet med de andre høyfjellsveiene og at utenlandske tungtransporter lokkes til å kjøre Rv 7 Vidda fremfor de bedre og sikrere kjørerutene over Lærdal eller Aurland-Hol. Nettopp de utenlandske tungtransportene, som er sterkt økende, utgjør en stor fare i Eidfjorden, opp/ned Måbødalen og over Hardangervidda grunnet store mangler knyttet til kjøretøy, dekk og manglende kjettinger. Det har vært uvanlig mange og stygge ulykker med tunge kjøretøyer på strekningen.
Dette nye eksempelet på alvorlig brudd på sikkerhetsforskriften viser pånytt hvor uskikket Hordaland Vegkontor er til å stå for vinterdriften av Rv 7 Vidda og hvorfor vinterstenging er påkrevet alene av sikkerhetshensyn, noe departementet og direktoratet har påpekt før.

Med hilsen

Norges Miljøvernforbund

Kurt Willy Oddekalv

Per Nordø

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Vegdirektoratet har laga retningsliner for kolonnekøyring. I tillegg skal det lagast lokale instruksar for kvar strekning der det kan verte kolonnekøyring.
Når det er kolonnekøyring på strekninga over Hardangervidda, kan kolonnekøyring vera grunna i to tilhøve. Det eine er dårleg ver, og det andre er smal veg fordi vegen ikkje er fullt ut brøyta.
I det første høvet blir det tatt med maksimum 25 bilar. Når det er smal veg blir talet på bilar vurdert kvar gong, og då kan det vere fleire enn 25 bilar med i kolonnen. Det er ikkje sett tal på kor mange køyretøy som kan takast med, brøytesjåføren vurderer det kvar gong. Kolonnekøyring ved smal veg er for å sikre tryggleiken for trafikantane også ved slike tilhøve. Statens vegvesen nyttar ordet "kolonne" ved slike høve, da det er vurdert å verte rettast oppfatta av trafikantane. (Dei veit at det betyr ventetid, enkelte likar ikkje å køyre i kolonne og køyrer andre vegar m.m.). Utdeling av infofoldar skjer ikkje i alle slike kolonnar, da denne foldaren er laga for kolonnar grunna dårleg ver.
Vegdirektoratet opplyser at dei dagane som vert omtala i brevet frå Noregs Miljøvernforbund, var det kolonnekøyring etter begge grunnane som er nemnde over. I periodane med dårlig ver vart det køyrd kolonnar med maksimum 25 bilar med melding om dette til Vegtrafikksentralen. Då veret betra seg vart det teke med fleire bilar i kolonnane og det ble meldt til Vegtrafikksentralen at veret hadde betra seg og at grunn for kolonne var "smal veg". Det var i éin kolonne grunna "smal veg" det vart tatt med 87 køyretøy.
Når det gjeld bruk av kjetting oppmodar Statens vegvesen alle store bilar om å nytte kjetting ved kolonnekøyring, og enkelte stader ved sterk stigning/fall på vegen. På denne strekninga er det sett opp skilt for å minne om dette. Det er likevel ikkje lovpålegg om dette. Røynde sjåførar med godt bilutstyr kan ved mange tilhøve køyre trygt over i kolonne utan kjetting. Vegvesenet sine brøytesjåførar kjenner til korleis tilhøva er på fjellet, og vurderer den enkelte trafikant/køyretøy ut frå det. Da kan det gjerne òg bli pålegg om kjettingbruk som del av den vurderinga.
Eg kan såleis ikkje sjå at den omtala turen i brevet frå Noregs Miljøvernforbund er eit brot på retningslinene.
Den enkelte brøytesjåfør skal føre loggbok. Når det oppstår situasjonar som er spesielle, blir denne ført meir fullstendig enn ved eit "normalskift". Loggbøkene er til intern bruk i Statens vegvesen og kvaliteten er vurdert til å vere tilfredsstillande i høve til dette i dag.
Det blir ikkje utført utekontrollar på høgfjellet etter eit eige opplegg. Vegvesenet har til tider kontrollar for å kontrollere kjettingbruk på vegstrekningar med vanskelege stigningstilhøve. Dette gjeld også Rv 7, E134 og andre stader der ein kjenner til at køyretøy ofte set seg fast.
Statens vegvesen har sjølvsagt ingen strategi med ei "frisone" på Rv 7 for å "lokka" biler til å køyre den vegen framfor Rv 50 eller Rv 52.
Ut i frå i det som er nemnd over meiner eg at Statens vegvesen si gjennomføring av kolonnekøyring på Rv 7 i all hovudsak blir utført i tråd med retningslinene, og med stor merksemd på tryggleiken for trafikantane. Eg er sjølvsagt opptatt av at Statens vegvesen heile tida skal arbeide med å bli betre, også når det gjeld førebuing og gjennomføring av kolonnekøyring. Det vil likevel alltid vere slik at det må vere rom for vanleg skjøn frå dei utførande si side, med grunnlag i gjeldande reglar og retningsliner. Tryggleiken vert betre ivareteke gjennom ei heilskapleg vurdering av dei situasjonane som oppstår.