Skriftleg spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:166 (2002-2003)
Innlevert: 09.12.2002
Sendt: 10.12.2002
Rette vedkommende: Arbeids- og administrasjonsministeren
Svart på: 18.12.2002 av arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kan statsråden stadfesta eller avvise at brannvernberedskapen er svekkja som fylgje av trong kommuneøkonomi?

Grunngiving

Norsk brannvernforening seier til media i samband med storbrannen i Trondheim at mange kommunar no svekker brannvernberedskapen fordi kommuneøkonomien er dårleg. Det er eit urovekkjande og uakseptabelt signal. Frå tidlegare veit vi at dei krava som er sette fram om effektivisering og omstilling frå Regjeringa si side, går ut over skule og omsorg. Eg ber statsråden i samarbeid med arbeids- og administrasjonsministeren klargjere om kommunane no også ser seg nøydde til å redusera brannvernberedskapen.

Victor D. Norman (H)

Svar

Victor D. Norman: I Sem-erklæringa blei det sagt at Regjeringa vil styrke kommuneøkonomien, og vil leggje opp til realauke i kommunesektoren sine inntekter i stortingsperioden. Dette følgjer ein opp i budsjettet for 2003. Men kommunane er sjølve ansvarleg for å tilpasse utgiftene til inntektsrammene dei har. Dei må modernisere, omstille og effektivisere drifta slik at ein får mest mogleg ut av dei tilgjengelege ressursane. Kommunane må òg prioritere dei lovpålagte oppgåvene slik at dei blir utført på ein tilfredsstillande måte for innbyggjarane.
Om brannberedskapen i kommunane meiner Direktoratet for brann- og elsikkerhet (DBE) at brannvesenet si evne til å gjennomføre både førebyggjande arbeid og utrykking samla sett aldri har vore betre enn i dag. Det har vore ein langsiktig satsing på å styrke brannvesenet på område kor effekten av branntrygging er størst, innanfor dei økonomiske rammene som er gitt. Styrking av kompetansen og det førebyggjande arbeidet har vore i fokus. Brannberedskapen er i store trekk stabil, men det har skjedd visse justeringar lokalt. Særleg dei større kommunane har gjort nokre reduksjonar i sine vaktstyrkar. Dette skjer innanfor den ramme som dimensjoneringsforskrifta gjer. Utviklinga er meir utførleg skildra i St.meld. nr. 41 (2000-2001), kap. 4.
Det viktigaste grunnlaget for at utrykking ved brann skal kunne fungere etter føresetnadene, er at førebyggjande tiltak har vore brukt. Brannberedskapen er etter DBE sin vurdering tilfredsstillande dei aller fleste stader. Bare nokre få av landets 434 kommunar er av direktoratet gjort merksam på at brannordninga deira ikkje er god nok.
DBE har i løpet av hausten sett at enkelte kommunar har hatt som tilråding store kutt i budsjettet for brannvesenet. Dette må sjåast i samanheng med at ein del kommunar har hatt høgre brannberedskap enn det som følgjer av dimensjoneringsforskrifta. Eg er blitt forsikra om at direktoratet vil følgje utviklinga nøye, og at dei vil reagere dersom dei blir kjent med at nokre kommunar svekker brannvesenet si dimensjonering til under forskriftskrava.