Skriftleg spørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til helseministeren

Dokument nr. 15:299 (2002-2003)
Innlevert: 07.02.2003
Sendt: 10.02.2003
Svart på: 14.02.2003 av helseminister Dagfinn Høybråten

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): Bedrifta NOR Engineering Miljø AS (NEM) tolkar Regjeringa si avgjerd om ikkje å ta i bruk Himdalen som avfallsdeponi for LRA som eit klarsignal til å setta i gong bygging av deponi i Sokndal. Det er gjennomført ei konsekvensutgreiing, men denne tar m.a. ikkje stilling til ny plassering, at NEM ikkje har metode for å reingjere LRA, at deponiet er avhengig av landbasert transport, og at det ikkje er halde geologiske utgreiingar.
Kva vil statsråden gjera for å sikra ei reel konsekvensutgreiing med folkehelsa som fokus?

Grunngiving

Ved produksjon av olje og gass vert det danna avleiringar i rør og anna produksjonsutstyr. Slike avleiringar kan innehelde lavradioaktive stoffar (LRA). No skal det opprettas ein permanent løysing for deponering av slikt avfall. Det er særs viktig at folkehelseperspektivet blir tatt på alvor i ein så følsam sak. NEM si konsekvensutgreiing er ikkje lenger brukbar, ettersom det har oppstått store endringar undervegs i planlegginga.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Vedtaket i Regjeringa om at det ikkje er aktuelt å endre gjeldande konsesjon for Himdalen-anlegget inneber i seg sjølv inga godkjenning av planane for eit deponi i Sokndal. Det er petroleumsindustrien som er ansvarleg for ei forsvarleg handtering av avfallet som oppstår i samband med olje- og gassproduksjon, og industrien må sjølv ta stilling til kva alternativ dei skal gå inn for med sikte på ei endeleg løysing for deponering av avfallet.
Eit framtidig deponi for LRA krev, uavhengig av geografisk lokalisering, ei konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova. For Sokndal-anlegget er denne allereie godkjent av Statens strålevern som ansvarleg myndigheit.
I samband med konsekvensutgreiinga har geologien i det aktuelle området blitt vurdert av Norges Geologiske Undersøkelser. Når det gjeld plasseringa av deponiet i fjellmassane, har angrepspunktet for tilkomsttunnelen blitt endra i løpet av prosessen. Denne endringa var ute på høring i samband med konsekvensutgreiinga av anlegget. Statens strålevern ser det derfor slik at det endelege angrepspunktet er nok utgreidd.
Konsekvensutgreiinga tek utgangspunkt i transport med båt til Jøssingfjord og derfrå vidare til deponiet med bil. Etterpå har det kome fram at tiltakshavaren berre ønskjer å nytte transport langs landeveg. I samband med krav om utdjuping av scenario rundt dei radiologiske konsekvensane av deponiet for lokalbefolkninga i Sokndal, lagt fram i sluttdokumentet til konsekvensutgreiinga, ser Statens strålevern det slik at tiltakshavaren har klargjort tilfredsstillande scenario for transport både med båt og langs landeveg.
Konsekvensutgreiinga av det planlagde deponiet i Sokndal tek utgangspunkt i LRA som ikkje inneheld konsentrasjonar av miljøgifter som krev behandling etter forureiningslova. Konsekvensutgreiinga handlar ikkje om deponering av andre typar avfall. Fordi LRA-avfallet inneheld olje og tungmetall er det etter forureiningslova behov for eit utslippsløyve og ei tilleggsutgreiing, godkjent av Statens forureiningstilsyn. Det er også behov for eit løyve frå Statens strålevern til drift av anlegget. Driftsløyvet vil innehalde moment som sikrar helse og miljø i eit langsiktig perspektiv.
Som det går fram her har Statens strålevern gått grundig gjennom konsekvensutgreiinga for eit framtidig deponi for LRA i Sokndal. Som helseminister byggjer eg på dei faglege vurderingane som Statens strålevern har gjort. På denne bakgrunnen ser eg det slik at prosessane med tilleggsutgreiing og driftsløyve på ein trygg måte oppfyller dei krava som må stillast til helse og miljø ved ei eventuell etablering av deponi i Sokndal, i tillegg til den konsekvensutgreiinga som alt er gjort.