Skriftleg spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til justisministeren

Dokument nr. 15:342 (2002-2003)
Innlevert: 24.02.2003
Sendt: 24.02.2003
Svart på: 03.03.2003 av justisminister Odd Einar Dørum

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Er desse problema Viken Gartneri opplever allmenngyldige, og kva kan Regjeringa gjere for å rette opp i det Viken Gartneri opplever som unødig byråkrati og sein sakshandsaming frå Sunnmøre politidistrikt?

Grunngiving

Viken Gartneri i Valldal på Sunnmøre må legge ned stor innsats for å skaffe seg naudsynte dokument for arbeidsløyve til dei arbeidsfolka dei inviterer frå Litauen.
Tidlegare år har det gått greitt gjennom sommarhalvåret, men når dei kjem til vinterhalvåret, har det gått særdeles tregt.
Dei har fått vite at dei kan invitere utanlandske arbeidarar heile året på korttidsopphald. Og når det gjeld folk frå visumfrie land, skal dokumentet etter å ha vore innom Aetat for kontroll, innom det lokale lensmannskontoret for registrering, deretter får dei det tilbake, så leverer dei det til utlendingskontrollen i politidistriktet som er Sunnmøre, Ålesund. Der skal alle korttidsopphald avgjerast etter det dei forstår av det dei har sett av bruksanvisinga for denne ordninga. Altså; kjem den inviterte frå visumfritt land og er invitert for korttidsopphald, skal det lokale politidistriktet avgjere saka. Slik skjer det ikkje i deira distrikt. Om vinterhalvåret blir alle sakene prompte og utan opphald sendt til UDI og der vert dei.
Når dei snakkar med kollegaer andre stader i landet, har dei og ofte same trongen til arbeidskraft, men opplever ikkje desse vanskane dei gjer. Det kan sjå ut som om det er ulik praksis politidistrikta i mellom.

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: I Sunnmøre politidistrikt vert utlendingsaker behandla etter ein desentralisert modell. Der søkar eller søkaren sin representant bur i eit lensmannsdistrikt, kan ein fremja søknad om til dømes sesongarbeidsløyve på det lensmannskontoret som er på staden. Utlendingsseksjonen i politihuset i Ålesund avgjer søknaden eller sender den vidare til UDI for avgjersle.
Viken Gartneri driv med roseproduksjon heile året, og grunna vanskar med å skaffe arbeidskraft, ønskjer dei nå å dekke trongen for arbeidskraft med sesongarbeidarar frå Litauen med løyving på 3 månader. Desse skal avløyse kvarandre når perioden på 3 månader er slutt.
Då produksjon og hausting av roser skjer heile året, er Sunnmøre politidistrikt i tvil om dette er å rekne som sesongregulert verksemd. Politidistriktet har difor send denne typen søknader til UDI for vidare behandling og avgjersle. Slik saksbehandling er i samsvar med retningslinjer frå UDI i rundskriv 02-16 punkt IV. A nr. 3 om "behandling av tvilssaker". UDI er samd i Sunnmøre politidistrikt si tolking av nemnde rundskriv.
Politidirektoratet ser det slik at Sunnmøre politidistrikt har følgd rutine som gjeld for behandling av denne type saker.