Skriftleg spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:410 (2002-2003)
Innlevert: 21.03.2003
Sendt: 24.03.2003
Svart på: 31.03.2003 av miljøvernminister Børge Brende

Jorunn Ringstad (Sp)

Spørsmål

Jorunn Ringstad (Sp): Sør-Varanger kommune arbeider for å få til ein mellomriksveg Noreg-Finland over Pasvik. Sambandet vil vere viktig for å oppretthalde busetjing og skape arbeidsplassar i dette grenseområdet. Det viser seg at arbeidet med vegen kan kome i konflikt med planane for å utvide verneområda i Øvre Pasvik.
Korleis vil behandlingsmåten og framdrifta vere når det gjeld utviding av Øvre Pasvik nasjonalpark, og vil Regjeringa ta omsyn til planane for ny mellomriksveg når vernetiltaka blir avgjort?

Grunngiving

Det har i lang tid vore ei viktig målsetjing å ha ei sterk busetjing i grenseområdet mot Russland og Finland. Dei viktigaste næringsvegane har vore skogbruk, jordbruk og reindrift.
På 1990-talet har det skjedd store endringar. Staten la ned skogsdrifta, sagbruksdrifta og hytteproduksjonen. Det vart sagt at desse verksemdene var ulønsame. Samtidig har det vorte lansert omfattande planar om å utvide verneområda i tilknyting til Øvre Pasvik nasjonalpark som vart etablert i 1970. Dette gjer at folk i områder føler at framtida er truga.
Heilt sidan tida før 2. verdskrig har det vorte arbeidd med planar for ein mellomriksveg mellom Pasvik og Enare i Finland. Det vart laga utreiingar og ein felles norsk-finsk rapport som var ferdig i 1991.
Fram til no har tryggingspolitiske omsyn stått i vegen for nærare samband over grensa. I det siste har dette blitt lempa på. Skogvesenet i Lappland har fristilt areal for å gjere vegsambandet mogleg. Sør-Varanger kommune har løyvd pengar til veganlegg på norsk side. Samband over grensa kan gje nye moglegheiter for næringsliv og samkvem. Utan slike utsikter risikerer lokalsamfunnet vidare stagnasjon og nedgang, og det blir avfolking av grenseområdet.
I uttala frå Finnmark fylkeskommune som gjeld utviding av Øvre Pasvik nasjonalpark og oppretting av landskapsvernområde, blir det tilrådd at traseen for vegutløysing til Finland over Pasvikdalen skal vere med slik initiativtakarane har foreslått. Det blir også vist til at retningslinene for eit eventuelt landskapsvernområde ikkje kan sameinast med vegbygging.
For å unngå å leggje hindringar i vegen for ein ny mellomriksveg, er det nødvendig å ivareta desse interessene i samband med dei vernetiltaka det blir arbeidd med i området.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Miljøverndepartementet har nå til behandling forslag til verneplan for Pasvik med utvidelse av Øvre Pasvik nasjonalpark og opprettelse av Øvre Pasvik landskapsvernområde med plantelivsfredning i Sør-Varanger kommune i Finnmark fylke.
Til grunn for departementets arbeid med denne saken ligger en tilråding fra Direktoratet for naturforvaltning (DN). På bakgrunn av sterke lokale ønsker om en mellomriksveg, og at den aktuelle veitraseen allerede er vesentlig påvirket av terrenginngrep, mener DN at forskriften for landskapsvernområdet bør åpne for at det kan bygges en mellomriksveg forutsatt at dette blir besluttet av nasjonale myndigheter etter forutgående konsekvensutredning.
I forbindelse med departementets arbeid med saken har det vært avholdt et møte med representanter for Sør-Varanger kommune. Betydningen av å holde muligheten åpen for ny mellomriksveg ble her understreket.
Jeg tar sikte på at Regjeringens arbeid med denne verneplanen kan avsluttes i løpet av våren og jeg kan derfor ikke nå si hva utfallet i denne saken blir.