Skriftleg spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til justisministeren

Dokument nr. 15:413 (2002-2003)
Innlevert: 24.03.2003
Sendt: 25.03.2003
Svart på: 02.04.2003 av justisminister Odd Einar Dørum

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Det er ikkje noko definert promillegrense for førarar og mannskap på skip pr. i dag. Ifølgje rettspraksis er promillegrensa 1,5. Den byggjer på ei skjønsmessig vurdering i høve § 422 i straffelova. Justisdepartementet tok sikte på å sende på høyring eit lovforslag der ein fastset ei promillegrense for førarar av større båtar, i løpet av hausten 2002.
Har dette skjedd, og viss ikkje, vil då justisministeren skunde på prosessen?

Grunngiving

I brev av 31. juli 2002 tok eg opp spørsmålet om promillegrenser til sjøs med justisministeren.
Medan fritidsbåtførarar må halde seg under ei promillegrense på 0,8 for å unngå straff, kan skipperen på lastebåtar ha 1,5 i promille før vedkommande vert straffa. Det er svært urimeleg med ei så høg promillegrense, der både menneskeliv, miljø og monalege økonomiske verdiar står på spel. Mange lasteskip har store kvanta olje, kjemikaliar og andre stoff som kan gjere stor skade langs kysten vår, dersom det skulle gå gale.
Justisministeren skriv i sitt svarbrev av 28. august 2002 til underteikna at departementet tok sikte på å sende på høyring eit lovforslag som fastset ei promillegrense for førarar av større båtar, i løpet av hausten 2002.

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: I svarbrevet mitt av 28. august 2002 til brevet frå stortingsrepresentant Heidi Grande Røys, skreiv eg at departementet tok sikte på å sende eit lovforslag på høyring hausten 2002 om å fastsette ei promillegrense for førarar av større båtar. Det er framleis mi målsetjing å sende eit slikt forslag på høyring, så snart det let seg gjere. På grunn av andre saker i departementet som har aktualisert seg etter august 2002, har det dessverre ikkje til nå vore mogleg å få ferdigstilt dette høyringsbrevet. Eg tek no sikte på å sende ut eit slik høyringsbrev i løpet av første halvår 2003.