Skriftleg spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til finansministeren

Dokument nr. 15:454 (2002-2003)
Innlevert: 02.04.2003
Sendt: 02.04.2003
Svart på: 09.04.2003 av finansminister Per-Kristian Foss

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Eg viser til svar på skriftleg spørsmål nr. 392 (2002-2003) frå stortingsrepresentant Hill-Marta Solberg, der det heiter at "mange trolig vil få redusert foreldrefradrag ved innføring av et slikt skattelette".
Kor stor reduksjon i foreldrefrådraget reknar statsråden med i dei ulike overslaga for provenytap, og kva føresetnader ligg til grunn for desse tala?

Grunngiving

Eg ber om at ein oppgir kva gjennomsnittleg marginalskatt som er brukt i utrekningane og med ei detaljering som gjer det mogleg å etterprøve utrekningane.

Per-Kristian Foss (H)

Svar

Per-Kristian Foss: Etter gjeldande reglar for foreldrefrådrag for legitimerte utgifter til pass og stell av barn, kan foreldre med eitt eller fleire barn krevje eit maksimalt frådrag i alminneleg inntekt på 25 000 kr for eitt barn og 30 000 kr for to eller fleire barn. Utgifter til pass og stell av barn som kan førast til frådrag, omfattar tilsyn, pleie m.m. av barnet, og kan skje i heimen, barnehage, institusjon m.m. Frådraget er avgrensa mot barnet sine leveomkostnader, reinhald og stell av hus, behandling av sjukdom, undervisning, kostnader i samband med ferie og fritid og adopsjon. Skulefritidsordninga (SFO) er i denne samanhengen rekna som pass og stell av barn, og ikkje som undervisning. Også meirutgifter ved transport til og frå barnehage kan førast til frådrag.
Alle overslag på kva eit nytt skattefritak vil koste å innføre, vil nødvendigvis måtte være veldig usikre. Dette skuldast særleg at ein ikkje veit kor store tilpassingane til ordninga blir. Ein veit heller ikkje kor høg inntekt dei arbeidstakarane som får gratis barnehageplass, har, kor mange barn dei har i barnehage, kor store andre dokumenterte utgiftar dei har til pass og stell av barn.
I provenyoverslaga har departementet lagt til grunn at foreldrefrådraget blir redusert ved innføring av skattefritak for arbeidsgjevar si betaling av barnehageplass. Det skuldast at arbeidstakarane sine dokumenterte utgifter til pass og stell av barn i dag truleg i stor grad er knytte til utgifter til barnehage, og at desse vil bli reduserte når arbeidsgjevaren dekker utgiftene til barnehage. Likevel må ein gå ut frå at dei fleste hushalda vil ha utgifter til pass og stell av barn utover utgiftene til barnehage. Dette gjeld særleg dersom hushaldet har andre barn som til dømes deltar i SFO. Ved innføring av ein slik skattefritaksordning vil foreldra i større grad enn før kunne dokumentere andre utgifter ved pass og stell av barna. Dette har ein liten grunn til å gjera i dag fordi øvre grense for foreldrefrådraget i dei fleste tilfella er mykje lågare enn foreldrebetalinga i barnehagen.
På skjønnsmessig grunnlag har departementet lagt til grunn at foreldrefrådraget i gjennomsnitt blir redusert med 85 pst. dersom arbeidsgjevar dekker barnehageutgiftene. Det inneber at foreldra framleis vil ha dokumenterte utgifter til pass og stell av barn tilsvarande 15 pst. av maksimalgrensene i foreldrefrådraget i gjennomsnitt. Denne berekningsmessige føresetnaden ligg til grunn for alle provenyberekningane til departementet, med unntak av berekninga av kor mykje provenytapet på lengre sikt maksimalt kan bli. Det er der lagt grunn at foreldrefrådraget blir redusert med 50 pst. Føresetnaden om ein reduksjon på 85 pst. inneber at foreldrefrådraget i gjennomsnitt blir redusert med 22 525 kr pr. hushald pr. år. Dette tilsvarer isolert sett ein auke i skatt på 6 307 kr (skatt på alminneleg inntekt er 28 pst.). Sidan enkelte hushald har fleire barn i barnehage, vil den isolerte skatteauken av redusert foreldrefrådrag pr. barnehageplass i gjennomsnitt være noko lågare enn dette. Departementet har berekna denne til 5 308 kr.
Berekningane av gjennomsnittleg foreldrefrådrag pr. hushald og pr. barnehageplass er gjort ut frå ein føresetnad om at om lag 70 pst. av hushalda med barn i barnehage har eitt barn i barnehage, 25 pst. har to barn i barnehage og 5 pst. har tre eller fleire barn i barnehage.
I overslaga på proveny ved eit skattefritak har departementet skjønnsmessig lagt til grunn at 90 pst. av dei arbeidsgjevarbetalte barnehageplassane er heiltidsplassar og 10 pst. er halvtidsplassar. Denne fordelinga byggjer på ein føresetnad om at dei fleste barnehageplassar som arbeidsgjevar kjem til å betale, truleg blir heiltidsplassar. I tillegg må ein gå ut frå at ein kraftig reduksjon i foreldrebetalinga, jf. innføring av maksimalprisar, vil medføre auka etterspurnad etter heiltidsplassar. For heiltidsplassane er det lagt til grunn at skattytaren betalar toppskatt i trinn 1, noko som normalt gjev ein marginalskatt på 49,3 pst. For halvtidsplassane er det lagt til grunn at skattytaren får minstefrådrag etter sats, noko som vil seia ein marginalskatt på 29,1 pst. Dette gjenspeiler ein føresetnad om at desse arbeider i halv stilling, og at ein berekningsmessig då har lagt til grunn at dei har ei årsløn under om lag 200 000 kr. I overslaga er det vidare lagt til grunn ein gjennomsnittleg sats på arbeidsgjevaravgifta på 12,8 pst. Dette tilsvarer landsgjennomsnittet.