Skriftleg spørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:485 (2002-2003)
Innlevert: 11.04.2003
Sendt: 11.04.2003
Svart på: 23.04.2003 av utdannings- og forskningsminister Kristin Clemet

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): For inneverande år har universiteta fått ein løns- og priskompensasjon som samla gir ein budsjettreduksjon i høve til det dei ville fått som bruttobudsjetterte institusjonar. Budsjettkuttet kan få store konsekvensar ved innføringa av kvalitetsreforma. Kvalitetsreforma er basert på auka oppfølging av kvar student, noko som vil krevja auka personalressursar.
Meiner statsråden at kvalitetsreforma kan gjennomførast etter Stortingets intensjonar sjølv med dette budsjettkuttet?

Grunngiving

Det er knytt stor usikkerheit til om kvalitetsreforma no kan bli gjennomført. Dersom reforma ikkje blir fullfinansiert kan dette resultere i at reforma blir avgrensa til første studieåret. Studentane må likevel halda seg til dei auka krava som blir stilt til studieprogresjon også etter den første året, men kanskje utan auka oppfølging. Universiteta treng både naudsynte lærekrefter og utstyr slik at studentane kan følgjast opp. Kvalitetsreforma har hatt tverrpolitisk oppslutnad, difor er det viktig at den blir gjennomført på ein tilfredsstillande og god måte.

Kristin Clemet (H)

Svar

Kristin Clemet: I samband med overgang frå bruttobudsjettering til nettobudsjettering av universitet og høgskolar, blir institusjonane kompensert for faktisk lønsvekst i overgangsåret og det påfølgjande år. I det tredje budsjettåret med nettobudsjettering, som for universiteta er 2003, blir institusjonane kompenserte for forventa løns- og prisvekst. Dette er i samsvar med praksis for andre typar nettobudsjetterte institusjonar og tilskottsmottakarar, og Stortinget vedtok budsjetta for 2003 for universiteta i tråd med dette prinsippet.
Regjeringa la i arbeidet med budsjettet for 2003 vekt på å prioritere midlar til kvalitetsreforma, og det er mi meining at det er løyvd tilstrekkeleg med midlar til å gjennomføre reforma i 2003. Eg vil og vise til Universitets- og høgskolerådet, som i brev til kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen 8. oktober 2002 meinte at løyvingane til universitets- og høgskolesektoren i 2003 gav eit tilstrekkeleg grunnlag for å sette i verk reforma.