Skriftleg spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til finansministeren

Dokument nr. 15:528 (2002-2003)
Innlevert: 07.05.2003
Sendt: 07.05.2003
Svart på: 12.05.2003 av finansminister Per-Kristian Foss

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): I rapporten frå arbeidsgruppa nedsett av Finansdepartementet for å sjå på organisering av toll- og avgiftsetaten si ytre forvaltning, er det ikkje gitt noko vurdering knytte til tollkontoret i Florø.
Er høyringsuttalene frå m.a. Flora kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune i det heile tatt registrert og vurdert av arbeidsgruppa, eller var ikkje gruppa merksam på dei innkomne uttalene knytte til Florø?

Grunngiving

Ein delegasjon med m.a. ordføraren i Flora kommune og fylkesvaraordføraren i Sogn og Fjordane fylkeskommune, var for kort tid sidan på eit møte i Finansdepartementet. Dei var særleg ute etter å få avklara kor vidt uttalene knytte til nedleggingsforslaget av Florø tollstad var mottatt og registrert, og med det vurdert av arbeidsgruppa. I vedlegg nr. 3 til rapporten står det at Finansdepartementet ikkje har mottatt uttaler frå Flora kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune, medan det vart stadfesta under møtet av ein har mottatt slike. Dette har ført til at ein i Sogn og Fjordane er usikker på om uttalane er lagt fram for arbeidsgruppa slik at dei har kunne vurdert konsekvensane av ei nedlegging av Florø tollkontor. Mange ulike miljø i Sogn og Fjordane har engasjert seg i saka, frå næringsliv til offentlege styresmakter, og eg vil gjerne ha stadfesta at deira argument mot nedlegging er registrert og vurdert av arbeidsgruppa. Slik rapporten ligg føre no, kan eg ikkje sjå at konsekvensane av nedlegging av tollkontoret i Florø er vurdert i det heile.

Per-Kristian Foss (H)

Svar

Per-Kristian Foss: Eg viser til grunngjevinga for spørsmålet, der det går fram at Flora kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune i eit møte med Finansdepartementet fekk stadfesta at deira høyringsuttaler var motteke. Det blei òg understreka i møtet at uttalene er registrert og vurdert av arbeidsgruppa på linje med dei andre uttalene i saka.