Skriftleg spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til utviklingsministeren

Dokument nr. 15:582 (2002-2003)
Innlevert: 20.05.2003
Sendt: 21.05.2003
Svart på: 30.05.2003 av utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Korleis funksjon får bistanden så lenge Noreg som medlem av Verdsbanken er med på å presse regjeringar til å privatisere basistenester som helse, utdanning og vatn, som eksemplet frå El Salvador viser, og har Noreg vore med og godkjent liknande krav om privatisering frå Verdsbankens side i andre land?

Grunngiving

Fattigdomsreduksjon og utvikling er hovudparolar i norsk bistandspolitikk. At helse og utdanning er fundamentale faktorar i utvikling, er det vel få som er ueinige i. Utan utdanningstilbod vil folk aldri klare å klatre oppover, og utan helse døyr folk. I ein verden kor ein stor del av befolkninga er nøydt til å leve på under éin dollar om dagen, seier det seg sjølv at dei ikkje vil ha moglegheit til å betale dyre eigenandelar for livsnødvendige helsetenester og medisinar, eller betale for å sende ungane på skolen. Derfor er det sjølvmotsigande at Noreg som bistandsnasjon støtter Verdsbankens politikk, når denne institusjonen er ein av pådrivarane for privatisering av ein rekkje basistenester, deriblant helse og utdanning. Bygging av helseklinikkar er vel og bra, men det hjelper lite så lenge Noreg støtter opp om ein verdsorden som gjør det nødvendig å bygge nye helseklinikkar nettopp fordi denne presser regjeringar til å føre ein politikk som gjør helse og utdanning til ein luksusvare folk flest ikkje har råd til å betale for.
For at norsk bistandspolitikk skal ha nokon effekt, bør difor Noreg ta ein klar stilling mot privatisering av basistenester som helse, utdanning og vatn.
I El Salvador føregår det ein privatiseringsprosess av helsevesenet som skaper strid mellom regjering og opposisjon. For augneblinken er situasjonen fastlåst og streiken har nærmast gått over i ein lockout situasjon. Verdsbankens rolle i El Salvador er å løyve 143 millionar USD til et helseprogram der ein samtidig har satt ein rekke føresetnader som helt klart peiker i retning av meir privatisering.

Hilde Frafjord Johnson (KrF)

Svar

Hilde Frafjord Johnson: Det overordna målet for norsk utviklingspolitikk er å kjempe mot fattigdom. Det viktigaste blir då at tenestene når fram til dei fattigaste. Å sikre tilgang på slike grunnleggjande for dei fattigaste til ein akseptabel pris er eit klart offentleg ansvar. Måten ein gjer dette på vil vere avhengig av tilhøva i kvart einskild land. Her er det ikkje berre ein modell som gjeld. I mange høve vil det innebere løysingar kor friviljuge og private aktørar òg er med. I andre høve vil tenestene leverast av det offentlege. Det at private leverer tenestene, betyr ikkje at brukarane må betale. Det utelukkar heller ikkje ei stor rolle for det offentlege.
Utidig press på fattige land for kommersialisering av til dømes vassforsyningane er uheldig. Verdsbanken sine representantar har i den seinare tid forsikra at dei ikkje fører ein slik privatiseringspolitikk. Dei understrekar at banken har ein pragmatisk tilnærming. Så lenge dei offentlege rammevilkåra varierar frå land til land vert det lagt vekt på ei fleksibel tilnærming med sikte på å identifisere dei løysingane som fungerer best for kvart land. I einskilde land kan det vere offentlege løysingar, i andre land private. Her har det nok vore ei endring i politikken dei seinare åra, nok vi til dømes ser av arbeidet med banken sin nye vasstrategi. Målet er å sikre rettferdig og effektiv vassforsyning for dei fattigaste uavhengig av om aktøren er privat eller offentleg.
Sjølv om banken har ei pragmatisk tilnærming har ikkje Noreg og banken alltid vore samde i enkeltsaker. Noreg arbeidar aktivt i banken sine styringsorgan for at den i sterkare grad skal ta omsyn til sosiale sider ved utvikling. Over tid har det vorte betre samsvar mellom Verdsbanken og Noreg sin politikk når det gjeld dette.
Eg kan ikkje sjå at det er rett som representanten Jacobsen hevdar, at Noreg gjennom Verdsbanken no er med på å presse regjeringar til å privatisere basistenester. Dømet frå El Salvador syner heller ikkje dette. Lånet det her er tale om skal gå til å byggje opp att sju større jordskjelvramma sjukehus, samt å yte grunnleggjande helsetenester og ernæring i dei nordlege regionane. Kreditten skal òg gå til modernisering av Helsedepartementet, til heving av standarden på sjukehusa, samt til grunnleggjande helse- og ernæringstenester på landsbygda m.a. gjennom friviljuge organisasjonar. Endelig skal ein støtte prioriterte nasjonale helseutfordringar, m.a. HIV/AIDS. Lånet inneber m.a.o. ingen krav om privatisering.