Skriftleg spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:607 (2002-2003)
Innlevert: 26.05.2003
Sendt: 26.05.2003
Rette vedkommende: Olje- og energiministeren
Svart på: 03.06.2003 av olje- og energiminister Einar Steensnæs

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Korleis skal ein leve opp til dette målet om å bevare attverande inngrepsfrie naturområdar dersom Statnett, som er organisert etter lov om statsforetak, og som er eigd av den norske stat kor Olje- og energidepartementet representerer staten som eigar, skal få konsesjon til å bygge til dømes 420 kV-leidningen Viklandet-Istad igjennom slike inngrepsfrie naturområdar?

Grunngiving

Statnett søkte i oktober om konsesjon for bygging og drift av ei ca. 50 km lang 420 kV kraftleidning frå Viklandet i Sunndal kommune, og igjennom Nesset kommune, til Istad i Molde kommune.
Det konsesjonssøkes tre hovudalternativ for leidningen mellom Viklandet og Brandhol i Nesset, og to traséalternativ for leidningen mellom Brandhol og Istad. Alternativ 2.0 mellom Viklandet og Brandhol er det mest konfliktfylte på denne strekninga, men Statnett søkjer på eige initiativ om konsesjon, sjølv om alternativet fører til spreiing av inngrep og går igjennom inngrepsfrie naturområdar i sone 1 (1-3 km frå tyngre tekniske inngrep) med ca. 12 km2, men vil også fjerne det som er av inngrepsfrie naturområdar i sonen 2 (3-5 km frå tyngre tekniske inngrep), med ca. 3 km2. I forhold til ein teknisk-økonomisk vurdering er alternativet lett å bygge og økonomisk det klart rimelegaste alternativet, ca. 25 mill. kr rimelegare enn dei to andre alternativa som er omtrent likestilt økonomisk, og som er konsesjonssøkt på denne strekninga.
På strekninga Brandhol-Istad er det som tidlegare nemnd to hovudalternativ. Den mest konfliktfylte traseen 2.3 og 3.0 går i fjellområda nord for Eidsvåg og inn mot kommunegrensa til Gjemnes, og vil gå rett igjennom urørt naturområde, kategori 1-3 km og 3-5 km frå inngrep. Økonomisk er dei to alternativa omtrent likestilt, men på grunn av dei store negative konsekvensane og relativt få fordeler i forhold til omsøkte alternativ har Statnett ikkje funne det riktig å søkje på desse alternativa. På bakgrunn av høringsuttalen (og etter tilråding frå NVE) til bl.a. kommunestyret i fjellkommunen og kraftkommunen Nesset, som einstemmig gikk inn for at Statnett skal søkje om konsesjon på denne traseen, som går igjennom det siste og største inngrepsfrie naturområdet på Molde-halvøya, har Statnett også søkt om konsesjon på denne konfliktfylte traseen. Det er altså søkt om konsesjon for 420 kV-leidningen igjennom to inngrepsfrie naturområdar på strekninga Viklandet-Istad
Da meldinga om 420 kV-leidningen Viklandet-Istad kom i oktober 2001, vart det presisert at bevaring av attverande inngrepsfrie områder er eit nasjonalt viktig satsingsområde.

Einar Steensnæs (KrF)

Svar

Einar Steensnæs: Spørsmålet er overført til olje- og energiministeren.
Bygging og drift av kraftleidningar krev konsesjon etter energilova. NVE handsamar slike saker, medan Olje- og energidepartementet er klageinstans. Den konkrete saka som representanten Jacobsen tek opp, ligg no til handsaming i NVE.
NVE opplyser at Statnett i denne konkrete saka har søkt konsesjon i medhald av energilova på fleire forskjellige traséalternativ. På strekninga frå Viklandet til Brandhol har Statnett søkt tre alternativ. Eitt av alternativa råkar INON-område.
På strekninga frå Brandhol til Istad opplyser NVE at direktoratet etter innspel frå Statnett har bedt om at det alternativet som Nesset kommunestyre samrøystes har gått inn for, vert omsøkt. Bakgrunnen for dette er at ein ønskjer å få innspel og synspunkt til alle aktuelle alternativ, slik at saka er best mogleg opplyst når NVE skal fatte konsesjonsvedtak.
Det å ta vare på inngrepsfrie naturområde er eit viktig omsyn i arealforvaltninga, m.a. ved handsaming av konsesjonssaker om elektriske anlegg i medhald av energilova.
Når det gjeld miljøspørsmål ved kraftleidningar, viser eg til forvaltningsstrategien for handsaming av kraftleidningssaker som vart utarbeida av Olje- og energidepartementet i samråd med Miljøverndepartementet, og mitt svar av 2. mai 2003 på spørsmål til skriftleg svar nr. 505.
Saka kan verte påklaga til departementet. Eg ber difor om forståing for at eg ikkje kan gjera meg opp noko meining eller gje representanten ei vurdering av denne konkrete saka no.