Skriftleg spørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:611 (2002-2003)
Innlevert: 26.05.2003
Sendt: 27.05.2003
Svart på: 03.06.2003 av olje- og energiminister Einar Steensnæs

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): I fjor fekk Skånevik og Ølen Kraftlag (SØK) løyve til å kutta straumforsyninga til store deler av nordsida i Åkrafjorden. Gardane her har hatt straum sidan 1957. Grunngjevinga frå SØK er at det ligg for lite profitt i straumsal til desse gardane fordi det ikkje lengre finst fastbuande.
Går statsråden god for ei slik grunngjeving, og vil ikkje fritak for straumlevering på slikt grunnlag koma i motstrid med almen oppfatting av busetjing og utnytting av naturressursar på ubebudde gardar?

Einar Steensnæs (KrF)

Svar

Einar Steensnæs: Områdekonsesjonæren har leveringsplikt innan området sitt og skal sørgje for at kundane i det aktuelle området har tilfredsstillande tilknyting til det lokale elektrisitetsnettet. Ein kan likevel gje fritak frå leveringsplikta når særlege grunnar tilseier det. Styresmaktene gjer difor ei totalvurdering av om det er forsvarleg å oppretthalde straumforsyning gjennom det lokale elektrisitetsnettet. Styresmaktene ser på samfunnsøkonomiske omsyn og omsyn til miljø, behovet for straumforsyning, forhold knytt til busettinga og omsyn til lokal næringsverksemd.
Ut frå samfunnsøkonomiske vurderingar vil det ikkje alltid vere forsvarleg å oppretthalde nettilknytinga uavhengig av behov og store kostnadar. Nettilknyting utan omsyn til kostnadar vil føre til auke i nettariffane for alle kundane i området.
Eit viktig moment i totalvurderinga er om kundane i området er fastbuande. Eg syner til Innst. S. nr. 242 (1996-97) om distrikts- og regionalpolitikken punkt 4.2.7 kor det går fram at "Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at det ikke skal gis dispensasjon fra forsyningsplikten for strøm til områder med fast bosetting eller næringsvirksomhet". Skånevik Ølen Kraftlag søkte i 1999 om fritak frå leveringsplikt for området Vågsneset-Teigen i Åkrafjorden. NVE gav fritak frå leveringsplikta for den delen av området knytt til transformatorane i Kvanndal og på Bjelland, mens det ikkje blei gjeve fritak frå leveringsplikta for kundane knytt til transformatoren på Djuve. Eit slikt fritak ville ha råka fastbuande.
NVE sitt vedtak blei påklaga til Olje- og energidepartementet. Departementet fatta vedtak i klagesaka 13. juni 2002.
Sett i samanheng med det årlege straumforbruket ved dei aktuelle uttakspunkta, ville kostnadene ved opprusting av kraftleidningen bli svært høge. I områda som var knytt til transformatorstasjonane i Kvanndal og på Bjelland var det ingen fastbuande.
Etter ei totalvurdering kom departementet til at kostnadene ved opprusting av nettet ved Kvanndal og på Bjelland ville bli uforsvarleg høge sett i samanheng med fordelane for dei berørde eigedomane. Departementet stadfesta difor NVE sitt vedtak.
Eg vil gjerne gjere merksam på at det ofte vil vere mogleg å sørgja for elektrisitet gjennom alternative forsyningsformer. Departementet har difor i vedtaket teke inn ein føresetnad om at Skånevik Ølen Kraftlag tilbyr rettleiing og fagleg bistand hjå kundar som ønskjer å etablere lokal straumforsyning.