Skriftleg spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:637 (2002-2003)
Innlevert: 05.06.2003
Sendt: 05.06.2003
Svart på: 12.06.2003 av utdannings- og forskningsminister Kristin Clemet

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Korleis fylgjer statsråden opp fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen sin merknad i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2002-2003) om statsstøtte til Høgskolen på Jæren?

Grunngiving

Eg var tilstades ved avslutninga av vårsesjonen i fjor. Det er tydeleg at skulen fyller eit behov. Auka studenttal fortel også sitt om det. Skulen har fått godkjent to grunnfag; handlingskompetanse og økonomi og leiing. Eksamensretten er i orden, og skulen utviklar no eit tredje grunnfag; landbruk. I utviklingsperioden har skulen basert den økonomiske sida på utviklingsmidlar, gåver og studentbetaling. Det vert arbeidd med ei meir langsiktig finansiering der statsstøtte er eit element. Eg vonar statsråden finn ei løysing, eventuelt i samarbeid med Landbruksdepartementet og Hå kommune.

Kristin Clemet (H)

Svar

Kristin Clemet: I fleirtalsmerknad i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2002-2003) blei departementet bede om å vurdere om høgskuletilbod ved Høgskolen på Jæren skal få statstøtte. Det har vore dialog mellom departementet og høgskulen, og departementet har motteke søknad om statsstøtte. Denne vil bli behandla saman med dei andre søknadene frå private høgskular i samband med statsbudsjettet for 2004.