Skriftleg spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:692 (2002-2003)
Innlevert: 19.06.2003
Sendt: 19.06.2003
Svart på: 19.06.2003 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Den nye sjøhastigheitsforskriften som Kystdirektoratet innførte frå 1. juni i år vert av mange vurdert som altfor lite nyansert, og svært vanskeleg å følgja i praksis. Ikkje minst gjeld dette det generelle forbodet mot høgare fart enn 5 knop nærare land enn 50 meter.
Vil statsråden syta for at forskriften vert trekt attende, slik at det kan gjerast endringar som er meir treffsikre mot hovudføremålet, nemleg å gjera det tryggare å ferdast på sjøen?

Svein Ludvigsen (H)

Svar

Svein Ludvigsen: Eg kan opplyse at Kystdirektoratet vil oppheve den nye sjøhastighetsforskriften av 5. mai 2003 nr. 561, og gjeninnføre dei tidlegare reglane om hastigheit til sjøs, jf. forskrift av 30. desember 1988 nr. 1182 om fartsbegrensninger i sjøen.
Kystdirektoratet vil foreta ei ny vurdering av spørsmålet om reguleringar av hastigheit til sjøs.