Skriftleg spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til arbeids- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:731 (2002-2003)
Innlevert: 27.06.2003
Sendt: 27.06.2003
Rette vedkommende: Sosialministeren
Svart på: 09.07.2003 av sosialminister Ingjerd Schie Schou

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): I samband med aktiv oppfølging av sjukefråvere, kan verksemder krevje tilretteleggingstilskot frå trygdeetaten. Dette tilskotet som er på opp mot 500 kr dagen, skal mellom anna dekke ekstra utgifter for å realisere ein oppfølgingsplan for tilsett som er sjukemeld eller står i fare for å bli sjukemeld. Tilbakemeldingar frå enkelte verksemder tyder på at det er ei viss utryggleik om det er løyvd nok pengar i forhold til søknadsmassen.
Kan statsråden stadfeste at budsjettet er stort nok?

Grunngiving

I samband med prosjektet inkluderande arbeidsliv, melder enkelte verksemder at ordninga med tilretteleggingstilskot er eit svært nyttig verkemiddel. Ein eventuell stopp i dette verkemiddelet vil gjere at IA-avtalar som er inngått eller er i ferd med å bli etablert, vil få eit alvorleg tilbakeslag. På bakgrunn av dette ønskjer spørsmålsstillar å få stadfesta at framdrifta i dette prosjektet vil gå som føresett og at budsjettrammene er tilstrekkelege.

Ingjerd Schie Schou (H)

Svar

Ingjerd Schie Schou: Spørsmålet er overført fra arbeids- og administrasjonsministeren.
Tilretteleggingstilskotet er eit sentralt verkemiddel i Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv. Det er i 2003 løyvd 104 mill. kr til ordninga som skal kompensere dei meirutgiftene arbeidsgjevarar har i samband med tilrettelegging av arbeidet for personar med redusert arbeidsevne. Målsetjinga er å redusere sjukefråveret og hindre utstøyting frå arbeidslivet. Løyvinga for 2003 er basert på erfaringane frå 2002. No syner det seg at bruken av tilretteleggingstilskotet har blitt meir omfattande enn lagt til grunn, og midla som er løyvd til ordninga er i ferd med å bli brukt opp.
For å unngå at arbeidet med Intensjonsavtalen skal bli skadelidande, vil det over løyvinga til arbeidsmarknadstiltak for 2003 bli stilt til rådvelde inntil 50 mill. kr til ei ordning som i hovudsak vert lik det opphavlege tilretteleggingstilskotet. Dette er i hovudsak ei teknisk omlegging som brukarane ikkje kjem til å merka.