Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:760 (2002-2003)
Innlevert: 10.09.2003
Sendt: 10.09.2003
Svart på: 17.09.2003 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Ei gruppe på Sunnmøre har ei tid arbeidt med planer om å starte fiske i Sørishavet, i det området som vert forvalta av kommisjonen for bevaring av marine ressursar i Antarktis (CCAMLR). Gruppa har fått avslag på søknad om innføring i norsk merkeregister, og meiner at dette avslaget vil stoppe prosjektet og dermed svekke Noreg si framtidige stilling i området.
Vil fiskeriministeren medverke til at også norske båtar får delta i utnyttinga av dei store og viktige ressursane i Sørishavet?

Grunngiving

Prosjektet med å starte norsk fiske i CCAMLR-området er svært spennande både fordi det opnar nye moglegheiter for næringsutvikling og fordi det vil vere fordelaktig om norske fiskefartøy deltar i eit regulert og ansvarleg fiske i CCAMLR-farvatn. Dette farvatnet har store uutnytta ressursar, og det er viktig at Noreg skaffar seg historiske rettar til fiske i dette området.

Svein Ludvigsen (H)

Svar

Svein Ludvigsen: Innleiingsvis må det presiserast at spørsmålet reiser ulike problemstillingar, som vi må halde åtskilt. Samstundes må vi sjå dei ulike elementa i vår fiskeripolitikk i samanheng.
For det første går det eit klårt skilje mellom fartøy som har driftsgrunnlag i NØS, og fartøy som ikkje har slikt driftsgrunnlag. Det er eit hovudprinsipp for registrering av norske fiskefartøy at dei har driftsgrunnlag i regulerte norske fiskeri. Vi ønskjer ikkje ein flåte under norsk flagg som driv uregulert aktivitet i internasjonalt farvatn. Vår nære historie med utanlandske fartøy i Smutthullet skulle vere grunngjeving god nok for eit slikt standpunkt.
For det andre; i strukturdebatten har alle vore samde om at vi har overkapasitet i så vel norske fiskeri som i internasjonalt fiske. Det er viktig for meg å sikre at den norske fiskeflåten har eit driftsgrunnlag som sikrar lønnsemd. Difor har vi fremma forslag om og fått fleirtal på Stortinget med på å setje i verk tiltak i heile den norske fiskeflåten som kan redusere kapasiteten, for med det å legge til rette for betre lønnsemd. Det vil virke i motsatt retning om vi skal opne det norske merkeregisteret for fiskefartøy som ikkje har noko driftsgrunnlag i det heile tatt i Noreg.
Vidare har Noreg tidlegare søkt å løyse problem knytte til dårleg ordreinngang på skipsverft ved å byggje fiskebåtar - ein kan nemne trålarar til Burma og Ghana, og sist linebåtar til Antarktis, dei kjente "Glacialbåtane." I dei første tilfella utvikla det seg til økonomiske skandalar, og "Glacialbåtane" har anten vore i arrest eller har ende opp i fiske under russisk flagg i Barentshavet. Med det har dei først skada norsk omdømme i Antarktis-samanheng, og deretter auka presset på ressursane i nord.
Noreg har eit ansvar for å medverke til ansvarleg ressursforvaltning også utanfor norske farvatn. Dette gjeld særleg i område der vi er medlem av dei relevante regionale organisasjonane, som i Sørishavet. Også difor ønskjer vi ikkje å føre fartøy som ikkje har driftsgrunnlag i regulerte fiskeri, inn i det norske merkeregisteret, som ville vere tilfellet i den aktuelle saka.
I den aktuelle saka har det blitt borte i media at Utanriksdepartementet har understreka at det er i norsk interesse å være representert i regulerte fiskeri. Det er Fiskeridepartementet samd i.
Fiskeriministeren, og Regjeringa, er interessert i å nytte ressursar som måtte bli tilgjengeleg for Noreg og norske fiskefartøy i Sørishavet, i eit regulert fiske. Det er difor no sendt ein søknad på vegne av eit norsk linefartøy som ønskjer å fiske på regulerte bestandar i Sørishavet til organisasjonen som forvaltar området, CCAMLR, om å få tildelt kvote til Noreg. Dette fartøyet har også driftsgrunnlag i NØS. Søknaden vil bli handsama på årsmøtet i CCAMLR i november.
På denne måten medverkar vi både til å styrke driftsgrunnlaget for den eksisterande norske fiskeflåten, som er Regjeringas hovudmål i strukturpolitikken, og å legge til rette for at fartøy under norsk flagg er til stades i området.
Før vi veit kor stort kvotegrunnlag Noreg vil få i regulert fiske i Sørishavet (CCAMLR-området), og før vi veit i kva for grad dette kan nyttast av den eksisterande norske fiskeflåten, som treng fleire bein å stå på, ser eg det ikkje som aktuelt å opne for at fartøy utan driftsgrunnlag korkje i Noreg eller i regulerte fiskeri i Sørishavet kjem inn i merkeregisteret for norske fiskefartøy, og på den måten medverkar til ytterligare å auke kapasiteten til ein fiskeflåte som alle er samde om er for stor.
Eit viktig tilleggselement med hensyn til kontroll og handheving er det faktum at vi kan reagere overfor fartøy med fiskerettar i Noreg med å trekkje tilbake disse, dersom dei bryt reglane for fiske i andre farvatn. Overfor fartøy som ikkje har rettar i Noreg har vi færre praktiske sanksjonsmiddel. Vi ønskjer at norske fartøy overheld regelverket, same kvar dei driv fiske. Også difor ønskjer eg at det er den eksisterande norske fiskeflåten som får adgang til å fiske på norske kvotar i Sørishavet.