Skriftleg spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:90 (2003-2004)
Innlevert: 30.10.2003
Sendt: 31.10.2003
Svart på: 05.11.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Ferjesambandet Stavanger-Tau er mellom dei mest trafikkerte sambanda i landet. Tilgjengeleg statistikk viser at frekvensen i dette sambandet er lågare enn i samband det er naturleg å samanlikna med. Reserveferja som no er i bruk, skaper ytterlegare ventetid og frustrasjon for næringsliv og pendlarar.
Meiner statsråden det er rett å redusera frekvensen i dette sambandet slik rutetabellen frå 1. november viser, eller vil ho gjere noko for å auka frekvensen og sikra ei reserveferjeløysing som gir betre flyt i trafikken?

Grunngiving

Eg viser til skriftlig spørsmål nr. 762 (2002-2003) der det vert gjort greie for den utryggleiken reisande i Tau-sambandet opplever. Rutetabellen frå 1. november viser færre avgangar enn det som var tilfelle då spørsmålet vart stilt. Eg ber statsråden gjera greie for kva samband ho meiner er samanliknelige og korleis ho vurderer det faktum at Tau-sambandet har så få avgangar. Eg ber henne også gjera greie for kva som kan vera til hinder for betre reservemateriell. For ordens skuld vil eg understreka at det det her er tale om, er mellombels tiltak fram til eit svært etterlengta fastlandssamband, Ryfast, vonleg er på plass i 2007. På fire lange år kan irritasjon og meirkostnader i form av ventetid og utryggleik bety mykje for talet på arbeidsplassar i Ryfylke. Det er såleis svært viktig med engasjement frå Regjeringa si side.

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Frå 1. november blei det sett i verk nye ruter på sambandet Stavanger-Tau. Frekvensen blei redusert med 1 tur, frå 25 til 24 rundturar i døgnet.
Alle ferjesamband er i dag klassifisert i ulike standardklassar ut frå den transportfunksjonen sambanda har. Ferjesambandet Stavanger-Tau er definert som eit bynært samband. For desse sambanda er det målsetjing om minimum 18 avgangar pr. dag. Sambandet Stavanger-Tau oppfyller såleis gjeldande standardkrav for riksvegferjedrifta.
Endringar i rutetabellen 1. november d.å. er gjort etter erfaringar med bruk av ferjene "Stavanger" og "Strand" i sambandet. Erfaringar med bruk av hurtigferja "Stavanger" er at denne ferja ikkje kan gå med høg fart så langt inn til kai som det var lagt tilgrunn tidlegare, dette av omsyn til andre farty i området. Ein har derfor måtte gjere tilpassingar i rutene som medfører at frekvensen er redusert med ein tur pr. dag.
For å få gjennomført årleg reparasjon og vedlikehald på ferja "Strand", vart ferja "Utstein" sett inn som avløysingsferje i veke 44 og 45. Då "Utstein" ikkje klarar å halde same overgangsfarten som "Strand", har dette ført til noko forseinkingar i forhold til rutetabellen. Det nye ruteopplegget er tilpassa slik at andre ferjer kan avløyse i sambandet utan at det fører til forseinkingar i forhold til ruteplanen. Det er påkravd å ha ein rutetabell som kan haldast for å unngå unødig ventetid, uvisse og frustrasjon for dei reisande.
Avløysingsferjer for dei store ferjene er generelt eit problem innan riksvegferjedrifta. I dag er det ingen store reserveferjer i regionen. Det vil derfor bli arbeidd med å få leige inn ei større ferje til avløysing i sambandet neste år.
Eg vil også minne om at det går hurtigbåt Stavanger-Tau og Stavanger-Jørpeland. Det er sett opp ein avgang frå Tau om morgonen og to frå Jørpeland. Om ettermiddagen går det to avgangar frå Stavanger til både Tau og Jørpeland.
Eg viser elles til svar på tidligare skriftlig spørsmål (nr. 762) frå representanten, mellom anna når det gjeld dei økonomiske føresetnadene for riksvegferjedrifta innanfor dagens budsjettrammer.