Skriftleg spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til helseministeren

Dokument nr. 15:282 (2003-2004)
Innlevert: 19.01.2004
Sendt: 19.01.2004
Svart på: 22.01.2004 av helseminister Dagfinn Høybråten

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Den nybygde ungdomspsykiatriske avdelinga i Førde står ferdig og skulle etter planen ha kome i full drift frå årsskiftet. Pengemangel fører til at avdelinga likevel ikkje vil kunne kome i full drift før i 2005, ifølgje direktøren for psykisk helsevern i Helse Førde. Sogn og Fjordane er det einaste fylket i landet som manglar denne type psykiatrisk avdeling for ungdom. Psykiatri har vore Regjeringa sitt satsingsområde.
Kva vil statsråden gjere for at avdelinga skal komme i drift snarast?

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Helsedepartementet har det overordna ansvaret for at den offentlege helsetenesta fungerer i samsvar med dei fastsette måla for helsepolitikken. Gjennom føretaksmodellen er det etablert eit system med desentraliserte ansvarsposisjonar for å følgje opp dette ansvaret, utan at det opphevar Helsedepartementet sitt ansvar. Det følgjer òg av modellen at Helsedepartementet si styring og oppfølging skal skje overfor de regionale helseføretaka for tilhøve som gjeld helseføretaka. Departementet si styring skjer mellom anna gjennom det årlege styringsdokumentet til kvart av dei regionale helseføretaket. I styringsdokumenta for 2004 er det særleg lagd vekt på at helseføretaka skal følgje dei intensjonane som ligg i opptrappingsplanen for psykisk helse, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (kap. 743).
Opptrappingsplanen inneber at dei regionale helseføretaka blir tilført middel til investeringane dei skal gjennomføre, samt driftsmiddel. Midlane blir tilført over opptrappingsplansperioden. Det er derfor viktig at det enkelte regionale helseføretak planlegg innfasinga av kvart enkelt investeringsprosjekt godt, slik at ein har driftsmiddel til ferdigstilte prosjekt. Med omsyn til nybygg i psykiatrien, er vi framleis i ei overgangsfase. Bygg som blei påbegynt under det tidlegare fylkeskommunale eigarskapet blir nå ferdigstilte, og helseføretaka har ansvaret for at bygga blir tekne i bruk så snart det er praktisk mulig.
Mi klåre melding til helseføretaka er at intensjonane i opptrappingsplanen skal følgjast. Vidare er det sjølvsagt at nye bygg ikkje skal stå tomme. Både Helse Førde og Helse Vest RHF er klar over dette. Eg er gjort kjend med at Helse Førde og Helse Vest har funne fram til ei løysing for 2004, slik at ein kan ta dette bygget i bruk. Budsjettsituasjonen ved Helse Førde er oppe til handsaming på styremøtet i Helse Vest RHF den 29. januar, der løysninga må avklarast og godkjennast.