Skriftleg spørsmål fra Jon Olav Alstad (A) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:94 (1997-98)
Innlevert: 23.02.1998
Sendt: 24.02.1998
Svart på: 03.03.1998 av barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland

Jon Olav Alstad (A)

Spørsmål

Jon Olav Alstad (A): "Likestillingsombudet har nylig behandlet to klager som begge dreier seg om særbehandling av menn. Ifølge ombudet er særbehandling av menn ikke tillatt etter dagens likestillingslov, selv om loven i 1995 ble gitt ett tillegg som tillater dette i visse tilfeller. Årsaken er at det ikke er gitt forskrifter om dette. Når kommer nye forskrifter til likestillingsloven som tillater positiv særbehandling av menn i visse tilfeller?"

Grunngiving

Valgerd Svarstad Haugland (KrF)

Svar

Valgerd Svarstad Haugland: Heimelen til å gje forskrifter om særbehandling av menn i samband med undervising og omsorg for born, jf likestillingslova §3, 4 ledd, er enno ikkje nytta, sjølv om forskriftsheimelen vart vedteke av Stortinget allereie i juni 1995. Grunnen er i hovudsak tolking av forpliktingar i EØS-avtalen.
EØS-avtalen omfattar EU sitt rådsdirektiv 76/207EØF, direktivet om likebehandling. Direktivet slår fast prinsippet om likebehandling mellom kjønna, og at ingen skal bli utsett for direkte eller indirekte forskjellsbehandling på grunnlag av kjønn. Tiltak som gjer forskjell, men som tar sikte på å fremme like moglegheiter, og då særleg tiltak for å fremme kvinner sine moglegheiter, er likevel tillate, jf artikkel 2 nr 4 i direktivet.
I oktober 1995 kom EF-domstolen si avgjerd i den såkalla "Kalanke-saken". Ein tysk domstol hadde bede EF-domstolen nytte direktivet på eit regelverk til ein tysk delstat. Regelverket i den tyske delstaten ga søkarar frå det underrepresenterte kjønn ein absolutt og ubetinga førerett til ein stilling under føresetnad at vedkommande var like godt kvalifisert eller tilnærma like godt kvalifisert som søkarar frå det overrepresenterte kjønn. EF-domstolen konkluderte med at regelverket var i strid med direktivet. I premissane uttalar domstolen at unntaksregelen i artikkel 2 nr 4 ikkje gjeld for tiltak som tek sikte på å nå eit bestemt resultat (til dømes positiv særbehandling), men berre for tiltak som fremmar like moglegheiter. Dommar frå EF-domstolen etter tilslutning til EØS-avtalen er ikkje direkte bindande for Noreg, men dei vil vere retningsgivande for EFTA-domstolen i tilsvarande saker, jf omsynet til ein sams rettsutvikling i EØS-området.
I starten av 1996 fremma ein annan tysk domstol ei sak - den såkalla "Marschallsaken" - for EF-domstolen om tolkinga av direktivet. Domstolen skulle denne gong vurdere eit regelverk som i hovudsak var likt regelverket i Kalankesaka, men dette regelverket opna for at arbeidsgjevar kunne utøve skjønn. Med andre ord ga ikkje reglane ein absolutt og ubetinga førerett for det underrepresenterte kjønn. Den nye saka ga EF-domstolen høve til å vurdere og klargjere sitt syn på positiv særbehandling. Departementet fann det derfor føremålstenleg å vente med ei forskrift om særbehandling til etter avgjerda i Marschallsaka. Samstundes ga Noreg skriftleg innlegg til EF-domstolen, og påstanden var at regelverket ikkje var i strid med direktivet. I november 1997 kom EF-domstolen fram til samme resultat. Dessutan syner premissane at EF-domstolen har nyansert synet på positiv særbehandling som kom fram i Kalankesaka. EF-domstolen er, under føresetnad om at reglane opnar for skjønn, ikkje avvisande til positiv særbehandling som verkemiddel for å fremje likestilling mellom kjønna, Ei forskrift om særbehandling av menn i samsvar med retningslinjene til Stortinget frå juni 1995, kan ikkje direkte samanliknast med regelverket i Marschallsaka. Men dei prinsipielle avklaringane i Marschallsaka tyder at forskrifta ikkje vil stride mot direktivet. Eg vil difor no fremje forslag til forskrifter etter barnehagelova.