Skriftleg spørsmål fra Eli Sollied Øveraas (Sp) til helseministeren

Dokument nr. 15:332 (2003-2004)
Innlevert: 03.02.2004
Sendt: 04.02.2004
Svart på: 10.02.2004 av helseminister Dagfinn Høybråten

Eli Sollied Øveraas (Sp)

Spørsmål

Eli Sollied Øveraas (Sp): På spørsmål om kva kulturministeren vil gjere for å sikre at helseføretaka følgjer lov om målbruk i offentleg teneste, svarar kulturministeren i brev av 28. januar d.å. at det i denne situasjonen i første omgang er opp til Helsedepartementet å følgje opp saka.
Kva vil helseministeren gjere for at kultur- og kyrkjedepartementet no skal få tatt ei endelig avgjerd i spørsmålet om helseføretaka fell inn under mållova?

Grunngiving

Etter at lova om helseføretak tok til å gjelde frå 1. januar 2002, har det vore usikkert om desse (både dei regionale helseføretaka og dei einskilde sjukehusa) fell inn under lov om målbruk i offentleg teneste. I § 4 i forskriftene til denne lova er det fastsett at statsorgan skal ha namneformer både på bokmål og nynorsk dersom det ikkje høver med eit felles namn i dei to målformene. Kultur- og kyrkjedepartementet (KKD) har i svar på skriftleg spørsmål frå underteikna, i brev datert 28. januar 2004, slått fast at "helseføretaka må reknast som organ for staten etter lov om målbruk i offentleg teneste, og at dei fullt ut vil vere omfatta av dei relevante føresegene i denne lova og dei tilhøyrande forskriftene".
Denne konklusjonen var klar allereie 23. januar 2002, da KKD i eit brev til Helsedepartementet bed om merknader, slik at dei kan gjere endeleg vedtak i saka. Per 28. januar 2004 hadde KKD enno ikkje mottatt slike merknader.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Helsedepartementet støtter saksutgreiinga frå Kultur- og Kyrkjedepartementet (KKD) om at helseføretaka må reknast som organ for staten etter lov om målbruk i offentleg teneste. Dette inneber at helseføretaka blir omfatta av dei relevante føresegnene i mållova med tilhøyrande forskrifter. Denne konklusjonen vil bli meddelt KKD i dag, slik at dei kan gjere ei endeleg vurdering i saka.