Skriftleg spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til helseministeren

Dokument nr. 15:575 (2003-2004)
Innlevert: 31.03.2004
Sendt: 01.04.2004
Svart på: 16.04.2004 av helseminister Dagfinn Høybråten

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vil statsråden ta initiativ til ei orientering om situasjonen på rusfeltet i samband med revidert nasjonalbudsjett (RNB)?

Grunngiving

Senterpartiet meiner det er viktig at Stortinget i samband med RNB får ei orientering om status når det gjeld statleg overtaking av behandlingstilbodet for rusmiddelmisbrukarar. Her kjem urovekkjande signal om at fleire helseføretak overser behovet for å sjå behandling av denne typen klientar over lang tid. Ressursane er knappe, det betyr at fleire misbrukarar og pårørande ikkje opplever den positive endringa som statsråden legg til grunn i svaret til underteikna i Stortingets spørjetime 24. mars. Fleire misbrukarar har heller ikkje det høvet til fritt institusjonsval som statsråden vektlegg i nemnde svar. Eg finn det naudsynt å be om ei orientering om ressurssituasjonen, talet på behandlingsplassar, samt dei mindre private institusjonane sin plass i dette biletet. Mange av dei viser til positive resultat nettopp fordi dei har følgt ein klient over lang tid, og eg ber statsråden orientera særskilt om akkurat det. Kommunane si rolle er viktig. Dersom statsråden er samd i det, reknar eg med at han øver påtrykk slik at kommunane vert sikra midlar til eit godt ettervern. Vi kan stilla spørsmål på vanleg måte gjennom finanskomiteen når proposisjonen er framlagt. Vi finn det likevel rett å etterspørja ei slik orientering i forkant.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Tiltaka som etter vedtak i Odelstinget 11. november 2003 (rusreforma) inngår i dei regionale helseføretaka sine tverrfaglege spesialiserte behandlingstiltak for rusmiddelmisbrukarar, omfattar 74 institusjonar og representerer i underkant av 1 400 døgnplassar. I tillegg gis det poliklinisk behandling ved omkring 30 tiltak.
Ved 4 av dei 5 regionale helseføretaka er dette tiltaksapparatet organisert inn i allereie eksisterande helseføretak, og då omorganisert med psykisk helsevern. Helse-Midt-Norge har etablert eit eige helseføretak: Rusbehandling Midt-Norge HF.
Generelt ser det ut til at det i den seinare tid er registret auka etterspørsel etter tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelmisbrukarar. Denne auken ser ut til å variere mellom dei regionale helseføretaka og innanfor kvart av dei regionale helseføretaka.
Eg vil understreke at eg følgjer utviklinga nøye. Dei regionale helseføretaka er gjennom styringsdokumenta bedne om å styrkje behandlingstilbodet til rusmiddelmisbrukarar. Av problemstillingar det særleg skal fokuserast på, er unge misbrukarar, rusmiddelmisbrukarar med langvarig rusmiddelmisbruk og såkalla "dobbeltdiagnosepasientar". Dette inneber at det må leggjast tilrette for eit behandlingstilbod som er tilpassa desse behova. Når det gjeld fritt institusjonsval, har eg også i styringsbreva til dei regionale helseføretaka bede om at dei praktiserer ei ordning der rusmiddelmisbrukarar får rett til fritt val av behandlingsstad tilsvarande retten etter pasientrettighetslova § 2-4 til fritt val av sjukehus.
Eg vil også syne til at Regjeringa i perioden 2001-2003, og også i 2004, har sytt for årleg budsjettmessig styrking av tilbod til hardt belasta rusmiddelmisbrukarar. Når vi no får rapportert at talet på narkotikarelaterte dødsfall er halvert de siste to åra, kan dette tyde på at Regjeringas styrking og opptrapping av tilboda har hatt ein effekt. Målsettinga er å styrkje tilbodet til rusmiddelmisbrukarar ytterlegare, både i kvalitet og kvantitet.
Departementet vil i samband med revidert nasjonalbudsjett (RNB) gje ei omtale av implementeringa av rusreformen. Vi vil så komme tilbake med ei nærare utgreiing av situasjonen i samband med rusreforma i St.prp. nr. 1 (2004-2005).