Skriftleg spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til arbeids- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:642 (2003-2004)
Innlevert: 30.04.2004
Sendt: 03.05.2004
Svart på: 07.05.2004 av arbeids- og administrasjonsminister Morten Andreas Meyer

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Stavanger Aftenblad har i ei rekkje artiklar no i april sett søkelyset på ulike sider ved dødsulukka på riggen "Byford Dolphin" for 2 år sidan.
Vil statsråden i arbeidet med stortingsmeldinga om helse, miljø og tryggleik på sokkelen, i tillegg til å fokusera på førebyggjing av ulukker, også sjå nærare på kva som skal gjerast når ei eventuell ulukke skjer?

Grunngiving

Gjennom kommunalkomiteen si handsaming av den første stortingsmeldinga om helse, miljø og sikkerhet (HMS) på sokkelen og også i annan samanhang, meiner eg det går klart fram at både næringa og styresmaktene skjerpar HMS-arbeidet på sokkelen. Aftenbladet sine artiklar viser mangel på tydelege, klåre og sameinte rutinar for korleis granskinga i samband med ei ulukke skal føregå og i kva grad eit slikt etterarbeid skal gjerast offentleg kjent. Etterletne og arbeidstakarar stiller seg tvilande til om alle forhold er vurderte og om alle opplysningar er komne fram. Slik kan vi ikkje ha det. Eg ber difor statsråden stadfesta at han i stortingsmeldinga vil fokusera på kva som skal gjerast dersom ulukka er ute. Eg ser gjerne at han også vurderer om han kan medverka til innsyn i dei faktiske hendingstilhøva i samband med ulukka på "Byford Dolphin".

Morten Andreas Meyer (H)

Svar

Morten Andreas Meyer: Arbeidet med neste stortingsmelding om helse, miljø og tryggleik i petroleumsverksemda er sett i gang. Eitt av områda som vil bli handsama vil vere dei rutinar styresmakta og næringa har for gransking og handtering av større og mindre hendingar, og læring for å førebyggje liknande hendingar.
I St.meld. nr. 7 (2001-2002) om helse, miljø og tryggleik i petroleumsverksemda foreslo Regjeringa at det skulle etablerast ein fast undersøkingskommisjon for petroleumssektoren. Komiteen slutta seg til dette forslaget i Innst. S. nr. 169 (2001-2002). Eg arbeider no med dette.
Eg vil likevel streke under at det noverande systemet for gransking av uønskte hendingar innan petroleumsverksemda er forsvarlig. I St.meld. nr. 7 (2001-2002) står det m.a. at "Regjeringen vil at petroleumssektoren skal være en foregangsnæring med sterk fokus på helse, miljø og sikkerhet på alle nivå i virksomheten og som har "kontinuerlig forbedring" og "føre var" som grunnleggende prinsipper". Petroleumstilsynet har sett i gang ei rekkje tiltak for å følgje opp denne ambisjonen. Eitt av desse tiltaka er å følgje opp uønskte hendingar. Etaten har i sitt tilsyn m.a. prioritert utvikling av granskingsmetodikk, intern kompetanseutvikling innan området og gjennomføring av granskingar. Petroleumstilsynet har og eit ansvar for å sjå til at regelverkskrav knytte til etablering av rutinar for gransking vert følgde, og at informasjonsformidling og system til å følgje opp alvorlege hendingar er på plass og vert følgde opp av dei ulike aktørane.
Basert på graden av alvor i hendingane vil dei ulike aktørane setje i verk gransking og følgje opp hendingane med konkrete tiltak for å førebyggje liknande hendingar i framtida. Ved alvorlege hendingar vil det involverte operatørselskapet og/eller den som er ansvarleg for drifta av flyttbar innretning (reiarlaget) ha eit ansvar for å setje i verk eiga gransking. Det er også praksis at Petroleumstilsynet gjer ei eiga sjølvstendig gransking for å avdekkje kva som har skjedd og årsakene til hendinga, samt eventuelle brot på regelverket. Kunnskap frå gransking av slike hendingar er naudsynt for å kunne førebyggje liknande hendingar i framtida.
Ved alvorlege hendingar vil normalt også politiet setje i gang eiga etterforsking. Dette for å klargjere kva som har skjedd, årsaker til hendinga, eventuell overtreding av gjeldande regelverk samt vurdere om straffbare forhold ligg bak. Politi- og påtalestyresmakta vil normalt ha behov for fagleg bistand frå Petroleumstilsynet i slike saker. Det ligg føre skriftlege retningslinjer og avtaler som regulerer dette samarbeidet mellom tilsynsstyresmakt og politiet, der roller, oppgåver og ansvar er avklart. Det skulle derfor ikkje vere grunnlag for nokon rollekonflikt.
Når det gjeld dødsulukka på "Byford Dolphin" 17. april 2002 har Oljedirektoratet (no Petroleumstilsynet) granska ulukka på sjølvstendig grunnlag. Politiets etterforsking, Statoils og Dolphins granskingar, og Oljedirektoratet konkluderte med det same.
Petroleumstilsynet har heile tida vore kjent med at enkelte vitne har andre synspunkt på kva som skjedde. Tilsynet erkjenner også at desse divergerande synspunkt gjerne kunne ha gått fram av granskingsrapporten. Trass i dette ser Petroleumstilsynet likevel ingen grunn til å endre sin konklusjon om kva som faktisk skjedde på "Byford Dolphin".
Eg meiner det er viktig at denne type saker blir handsama på ein mest mogleg open måte. Praksis i Petroleumstilsynet er at granskingsrapportar og tilsynsrapportar vert gjevne ut ved spørsmål om innsyn, med unntak av eventuelle opplysningar som er underlagd teieplikt etter norsk lov. Det blir også lagt ut eit samandrag av rapportane på tilsynet si heimeside. Når det gjeld spørsmålet om innsyn i dei faktiske hendingstilhøva i samband med ulukka på "Byford Dolphin", viser eg til at Petroleumstilsynet, i tråd med vanleg praksis, har oversendt granskings/tilsynsrapportar til dei aktuelle/involverte selskapa. Dei er på si side bedne om å gjere rapportane kjende for arbeidstakarane.
Når det gjeld Petroleumstilsynet sine fråsegner til politiet i samband med ei eventuell etterforsking, er dei unnatekne frå innsyn, jf. offentlegloven § 6 nr. 5. Dette er fordi politiet ønskjer kontroll med utlevering av disse dokumenta av omsyn til etterforskinga. Det gjeld elles særlege reglar for innsyn i saker som er under etterforsking av politiet.