Skriftleg spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:918 (2003-2004)
Innlevert: 15.09.2004
Sendt: 15.09.2004
Rette vedkommende: Finansministeren
Svart på: 22.09.2004 av finansminister Per-Kristian Foss

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): På korleis måte kan Regjeringa endre eller differensiere avgiftene for sluttbehandling av avfall for å få til mest mogleg lokal handsaming av avfallet så ein hindrar unødig transport og skaper arbeidsplassar lokalt og så nært som mogleg der avfallet oppstår, samtidig som ein søker å oppfylle målsetjingane i avfallshierarkiet som er å hindre at avfall oppstår, ombruk og gjenvinning?

Grunngiving

I den seinare tid har eksport av avfall frå Møre og Romsdal til andre fylke og andre land auka. Dette er òg eit kjent fenomen i andre delar av landet.
Volda og Ørsta Reinhaldsverk sender avfall til Linköping i Sverige der det energigjenvinnast. Vestnes Renovasjon har problem med å få tak i nok trevirke til sin brikettproduksjon. Dette er to eksemplar som viser at avfallspolitikken ikkje fungerer slik han var meint.

Per-Kristian Foss (H)

Svar

Per-Kristian Foss: Spørsmålet vart overført frå miljøvernministeren.
Avgifta på sluttbehandling av avfall er eit sentralt verkemiddel i avfallspolitikken. Det overordna målet i avfallspolitikken er å minimere den helse- og miljøbelastninga som avfall kan medføre. Det er òg ønskeleg å motverke veksten i avfallsmengdene, og sikre at avfallsstraumane i aukande grad vris vekk frå deponering og over til gjenvinning av material og energi.
Avgifta er ein pris på miljøkostnadene for avfall som går til deponering og forbrenning. På den måten gir avgifta incentiv til ein betre miljømessig handtering av avfallet. Samtidig bidrar avgifta til å redusere mengda avfall og til å sikre meir gjenvinning.
Analysar for heile levetida til avfallet blir brukt for å rekne ut den miljøbelastninga som dei ulike produkta representerer i levetida, medrekna handtering av avfall. Dei fleste slike analysar konkluderar med at den miljøbelastninga som transport av avfall fører med seg er svært liten i forhold til den miljøgevinsten som ein kan oppnå når avfallet går til gjenvinning og utnyttast som den ressursen det i røynda er. Det er òg slik at det ved transport av avfall ofte vert nytta returtransport som elles er ledig.
Avfall har i større grad gått frå å være sett som eit miljøproblem til å bli ein stadig meir ettertrakta ressurs, både i form av råvarer og som energiberar. Det er derfor også naturleg at løysingar for avfallshandtering nå er utsette for meir konkurranse i ein større marknad enn før. Dette bidrar til ein positiv utvikling i form av meir miljø- og ressurseffektive handteringsløysingar, noko som vil være til beste for miljøet. Elles skil ikkje miljøkostnadane som følgje av avfallstransport seg frå kostnadar ved annan godstransport på veg. Desse miljøkostnadane bør derfor handterast likt for alle typar vegtransport, til dømes gjennom drivstoffavgiftene.
Det synes derfor ikkje å være grunnlag for å vurdere å differensiere avgifter for å stimulere til lokal handtering av avfallet. Ei eventuell avgiftsdifferensiering ut frå eit slikt formål ville i tillegg vere svært vanskeleg og ville kunne svekke hovudmålsetjinga med avgifta om å medverke til å redusere miljøproblema som avfallet forårsakar. Eg vil minne om at Stortinget seinast i forbindelse med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2004 vedtok å avvikle avgiftsdifferensieringa ut frå energiutnytting fordi det ikkje var eit treffsikkert verkemiddel.