Skriftleg spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:167 (2004-2005)
Innlevert: 05.11.2004
Sendt: 08.11.2004
Svart på: 10.11.2004 av finansminister Per-Kristian Foss

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): I Innst. O. nr. 86 (2002-2003) uttalar komiteen at det er behov for ei løysing som sikrar at dei som har ei uføreforsikring ikkje kjem særleg uheldig ut som ein konsekvens av tidsavgrensa uførestønad.
Når fylgjer statsråden opp denne uttalen med forslag til endringar i aktuelt lovverk?

Grunngiving

Eg viser til svar på skriftleg spørsmål nr. 5 (2004-2005) der statsråden gjer greie for visse avklaringar han vil føreta før eventuelle lovforslag vert sendt på høyring. Ei rekkje einskildpersonar opplever no eit urettmessig inntektstap. Eg vonar statsråden har hatt høve til aktuelle vurderingar, slik at han kan gi eit meir presist svar på ei høgst naudsynt framdrift.

Per-Kristian Foss (H)

Svar

Per-Kristian Foss: I skriftleg svar av 7. oktober 2004 til spørsmål nr. 5 (2004-2005) skreiv eg at departementet "[...] arbeidar med problemstillingar kring verknader på uførepensjon etter lov om føretakspensjon som følgje av dei nye reglane om uførestønad i folketrygda. Ein vil samtidig be Kredittilsynet sjå på om det meir generelt er særlege spørsmål knytt til tidsavgrensa uførestønad i høve til polisevilkår om uførestønad. Departementet tek sikte på at eventuelle forslag til lovendringar kan sendast på høyring før årsskiftet. Forslag til lovendringar vil deretter i tilfelle bli lagt fram for Stortinget."
I brev av 13. oktober 2004 til Kredittilsynet blei det vist til førespurnaden frå Magnhild Meltveit Kleppa, og departementet bad Kredittilsynet vurdere "[...] om det er særlige spørsmål knyttet til tidsbegrenset uførestønad i forhold til polisevilkår om uførestønad som er i bruk i private forsikringskontrakter. Det bes om svar innen 15. november 2004." Brevet til Kredittilsynet er lagt ved.
Departementet tek sikte på at spørsmål knytt til tidsavgrensa uførestønad i høve til polisevilkår om uførestønad i private forsikringskontraktar handsamast parallelt med spørsmål knytt til uførestønad i lov om føretakspensjon.

Vedlegg til svar:

Brev fra Finansdepartementet til Kredittilsynet vedrørende Virkninger av tidsbegrenset uførestønad, datert 13. oktober 2004, referanse: 04/3059 FM KyK.