Skriftleg spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:284 (2004-2005)
Innlevert: 06.12.2004
Sendt: 06.12.2004
Svart på: 14.12.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Somme dagpendlarar har urimelege meirkostnader med arbeidsreisene sine fordi dei passerer fleire bomringar.
Vil statsråden ta initiativ til eit øvre tak på daglege utgifter til bompengar?

Grunngiving

Eg viser til eit døme frå ein pendlar frå Finnøy i Ryfylke. Vedkomande har arbeidet sitt på Nord-Jæren. Ruteopplegget gjer at ein kombinasjon av kollektivtilboda båt og buss ikkje høver. Alternativet er då privatbil. Med rabatt vert det med dagens satsar 150 kr å betala pr. dag, noko som inneber 3 000 kr pr. månad. Utan rabatt er dei tilsvarande tala 250 kr og 5 000 kr i tillegg kjem ordinær ferjebillett og drivstoffutgifter.
Det høyrer med at innanfor t.d. bompengeringen på Nord-Jæren er det eit øvre tak. Pendlaren vert fortalt at det er det faktum at ho passerer innkrevjing til tre ulike prosjekt, Finnfast, Rennfast og Nord-Jæren, som gjer at dette ikkje kan samordnast. Dette er bompengeringar i same fylket. Eg vonar statsråden er samd i at bruk av autopass medfører at eit øvre tak må kunna praktiserast. Eg imøteser såleis eit positivt svar.

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Ifølgje "Takstretningslinjer for bompengeprosjekt på offentlig veg", er det berre i bompengeringar det er høve til å innføre ei ordning med passeringstak. Passeringstak vil seie at det berre skal betalast for eit maksimalt antall passeringar innafor ein bestemt tidsperiode. Føresetnaden for ei slik ordning er at takstsystemet i det aktuelle prosjektet baserer seg på betaling pr. passering, og at økonomien i prosjektet ikkje blir vesentleg svekka av tiltaket. Ordninga krev dessutan elektronisk innkrevjingssystem (AutoPASS).
Det har hittil ikkje vore vurdert å utvide denne ordninga til å gjelde andre typar bompengeprosjekt enn bompengeringar. Det er heller ikkje vurdert om eit slikt passeringstak kan gjelde for ei samla mengde passeringar gjennom ulike bompengeanlegg tilhøyrande forskjellige bompengeselskap.
Eg oppfattar at spørsmålet som representanten Kleppa reiser, har sin bakgrunn i tilfelle kor det er fleire bompengeprosjekt innafor eit avgrensa geografisk område. I samband med dette vil eg fyrst understreke at kvart bompengeprosjekt byggjer på lokal oppslutnad og fylkeskommunal godkjenning.
I St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011 blei det påpeika at det ikkje var mogleg å setje ei øvre grense på antall bompengeprosjekt. Vidare står det i St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015: "Det er likevel nødvendig å ha et kritisk søkelys på det totale omfanget. Nye prosjekt må sees i sammenheng med eksisterende prosjekter, slik at belastningen ikke blir for stor på enkelte strekninger eller område." Eg vurderer problemstillinga på same måte i dag.
Ein større grad av innføring av eit passeringstak ved bompengepassering enn vi har i dag, vil kunne føre til reduserte inntekter og dermed fare for forlenga nedbetalingstid av eksisterande bompengeprosjekt, og/eller at nye prosjekt ikkje let seg realisere. Dette er viktige omsyn å ta i vurderinga av saka.
Innføring av AutoPASS og auka bruk av brikker/rabatt har med dagens rabattordningar allereie ført til at inntektene i somme bompengeringar er gått ned i høve til føresetnadene, noko som kan gjere at økonomien i prosjekta blir svekka. Eg vil nemne at det no blir arbeida med forslag til nye forskrifter for bl.a. takst- og rabattsystem som er meir tilpassa dagens behov og innkrevjingsordningar, jf. omtale i Nasjonal transportplan 2006-2015.