Skriftleg spørsmål fra Eli Sollied Øveraas (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:301 (2004-2005)
Innlevert: 08.12.2004
Sendt: 09.12.2004
Svart på: 20.12.2004 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Eli Sollied Øveraas (Sp)

Spørsmål

Eli Sollied Øveraas (Sp): I Møre og Romsdal fekk tre kommunar auka arbeidsgivaravgift, samstundes som dei ikkje får transportstøtte. For 2004 skal 40 pst. av kompensasjonen gå til desse områda, og Haram kommune skal ha ca. 25 pst. Næringslivet i Haram og Sandøy har bestemt at kompensasjonen i dette området skal gå til finansiering av Nordøyvegen. Likevel har ei styringsgruppe innstilt på at ca. 2 mill. kr skal gå til bransjeretta tiltak.
Kan statsråden syte for at kompensasjonen for framtida går til Nordøyvegen slik næringslivet i området har vedteke?

Grunngiving

Stortinget har vedteke at det skal kompenserast for auka arbeidsgivaravgift. Kompensasjonen skal brukast i tråd med næringslivet sine ønske og førast attende til det området som den auka innbetalinga kom frå. Haram og Sandøy kommunar i Møre og Romsdal slo seg saman til eitt område, og næringslivet i desse kommunane gjorde vedtak om at kompensasjonen skulle gå til Nordøyvegen-prosjektet - eit fellesprosjekt for desse kommunane. Haram kommune fekk ikkje transportstøtte, heller ikkje overgangsordningar. Næringsavdelinga i Møre og Romsdal berekna at av dei kompensasjonsmidla som fylket fekk, skulle næringslivet i Haram kommune tildelast om lag 25 pst. I Møre og Romsdal vart det administrativt oppnemnt ei styringsgruppe på 14 personar. Næringslivet i Haram er representert med ein representant. Næringslivet i både Haram og Sandøy er samde om at kompensasjonen skal gå til Nordøyvegen, og ynskte ikkje å nytte midla til bransjeretta tiltak. Likevel har styringsgruppa vedteke at 8 mill. kr frå 2004-kompensasjonen skal gå til bransjeretta tiltak, og at 6 mill. kr frå 2005- og 2006-ramma også skal gå til dette.
For Haram og Sandøy utgjer dette om lag 3 mill. kr. Styringsgruppa si innstilling vart sendt departementet og fekk tilslutning. Dette har skapt sterke reaksjonar frå næringslivet i dei to nemnde kommunar. Næringslivet i Haram og Sandøy har fått auka utgifter etter at den differianserte arbeidsgivaravgifta vart fjerna. Desse to kommunane må reknast som eitt område, og dei bør sjølve få avgjere kva tiltak kompensasjonen skal nyttast til. Det er også i tråd med dei retningslinene som departementet har trukke opp. Det verkar svært urimeleg at ei oppnemnt styringsgruppe skal overstyre det som næringslivet sjølv ynskjer.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Utgangspunktet for fordelinga av dei næringsretta utviklingsmidlane er at dei skal gå til dei regionane som er omfatta av omlegginga av den differensierte arbeidsgivaravgifta. Målet med midlane er å få til ein særskilt næringsretta innsats i område som fekk auka arbeidsgivaravgift frå og med 2004. Midlane skal førast tilbake på ein slik måte at dei treff næringslivet, og skal nyttast til tiltak som kan gi varige, positive effektar for næringslivet og regionane. For å nå målet om å stimulere næringslivet sitt utviklingspotensial i ulike område, må tiltak ta utgangspunkt i dei spesielle utfordringane og ressursane som finst i kvar region. Regjeringa har derfor lagt opp til at næringslivet, kommunane og andre aktørar i den regionale partnarskapen, lagar handlingsplanar for bruken av midlane.
Kommunal- og regionaldepartementet har heile tida i arbeidet med dei næringsretta utviklingstiltaka lagt avgjerande vekt på medverknad frå næringslivet, prinsippet om semje og at departementet skulle vere svært varsam med å overprøve dei regionale planane dersom det var semje om dei. KRD godkjende 6. juli 2004 og 11. november 2004 handlingsplanane for bruken av dei næringsretta utviklingsmidlane for Møre og Romsdal.
I handlingsplanen frå Møre og Romsdal går det fram at det er sett ned ei styringsgruppe som skal gjere dei endelege vedtaka for korleis midlane skal nyttast. Styringsgruppa blei oppretta i samarbeid med næringslivet sine organisasjonar, NHO og Bedriftsforbundet og i dialog med kommunane. Styringsgruppa er breitt samansett med dominans frå næringslivet. Mandat for og samansetjing av styringsgruppa blei sendt på "høyring" til alle involverte kommunar og har vore presentert på informasjonsmøte rundt om i fylket. I mandatet heiter det mellom anna at "styringsgruppa er "øvste" organ for bruken av dei næringsretta utviklingsmidla i Møre og Romsdal". Dette inneber at det er semje om at styringsgruppa skal vere det øvste organet for bruken av dei næringsretta utviklingsmidlane.
Når det gjeld bransjeretta tiltak blei regjeringa i samband med behandlinga i Stortinget av statsbudsjettet for 2004 beden om å vurdere om det er mogleg å utforme tiltak som i større grad når bransjar som får lita nytte av dei ulike kompenserande tiltaka. KRD sette derfor av 100 mill. kr av den totale ramma til ein eventuell bransjeretta pott. Både fylka og verkemiddelapparatet blei bedne om å kome med innspel. Møre og Romsdal var eitt av dei fylka der det blei foreslått bransjeretta tiltak i den vedtekne handlingsplanen. Dei fylka som ikkje kom med innspel på bransjeretta satsingar, fekk sine "rettsmessige" delar av midlane tildelt som ein auke i ramma til gjennomføring av tiltaka som er prioriterte i handlingsplanen for fylket.
Slik departementet har forstått det, har det vore opne prosessar både i samband med opprettinga av styringsgruppa og i gruppa si handsaming av handlingsplanen og forslaga til bransjesatsingar for Møre og Romsdal. Innspel og synspunkt på tiltaka i handlingsplanen har blitt presenterte for styringsgruppa til vurdering. Departementet har tidlegare sagt at vi vil vere svært tilbakehaldne med å overprøve regionale prioriteringar så lenge dei er innanfor dei rammene som gjeld for midlane. Dette prinsippet står fast. Eg finn såleis ingen grunn til å overprøve dei vedtaka styringsgruppa har fatta i denne saka.