Skriftleg spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:334 (2004-2005)
Innlevert: 15.12.2004
Sendt: 15.12.2004
Svart på: 29.12.2004 av fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): I Irland dekker staten alle kostnader ved algegiftkontroll, i Danmark må dei som haustar skjel betale to øre pr. kg og i Spania og Canada betalar dyrkarane avgift pr. omsett vare. I Noreg er det ein kostnad på ca. 4 000 kr for giftanalyse, bakterieanalyse og algeanalyse for eit haustingsløyve som varer i 10 dagar. Avgifta er til stor ulempe for næringa, og gjer det vanskeleg å utvikle denne.
Kva er statsråden sitt syn på storleiken på avgiftene i skjelnæringa, og kva tiltak vil han komme med for å utvikle næringa?

Svein Ludvigsen (H)

Svar

Svein Ludvigsen: Skjel er eit særleg risikoprodukt med omsyn til algegifter. Analysane av dei nemnte prøvene er kostbare, og norske styresmakter har i mange år dekt store deler av kostnadene, mellom anna av omsyn til å støtte ei næring i etableringsfasen.
Som eit ledd i eigenkontrollen av skjel, er skjeldyrkarane pålagte å ta ut prøver av skjel før hausting og omsetning. Næringa sender på landsbasis inn årleg om lag 800 slike prøver som ein del av eigenkontrollen. I utgangspunktet er dette kostnader som i sin heilskap skal dekkast av skjeldyrkarane sjølve, på lik linje med prøver i eigenkontroll i andre verksemder. Norske styresmakter dekkjer inntil 75 pst. av analysekostnadene for skjeldyrkarane, til ein verdi av om lag 2 mill. kr. I tillegg til eigenkontrollen til skjeldyrkarane, har Mattilsynet ei særskilt overvaking av skjel som vert hausta og omsett kommersielt. Utgiftene til denne overvakinga av skjel, er på 4,3 mill. kr i 2004. I dag vert analysar mv. til ein samla kostnad på 6,3 mill. kr dekt av styresmaktene over budsjettet til Mattilsynet, medan løyvinga til skjelkontrollen i 1999 vart auka monaleg, då til 5 mill. kr.
Eg er klar over at dei enkelte EØS-landa har ulik praksis for korleis utgiftene for analysane ved haustingsløyve skal delast mellom styresmaktene i det enkelte land og skjelnæringa. Irske styresmakter betaler alle kostnadene knytt til prøvetaking og analysar for skjelnæringa, medan næring og styresmakter i Nederland deler rekninga likt mellom seg. Til samanlikning betaler næringa i New Zealand alle kostnadene ved prøvetaking og analysar og anna aktivitet knytt til overvaking og kontroll.
Det er vanskelig å samanlikne Noregs lange kyst, med svært mange og spreidde område for dyrking av skjel, med dei meir kompakte områda for skjelhausting lengre sør og vest i Europa. I Nederland og Belgia er skjeldyrking konsentrert i nokre få, store område, og prøveresultata kan difor nyttast til å gi haustingsløyve for større mengder skjel enn tilfellet er i Noreg. Skjelnæringa i Noreg er spreidd langs heile kysten, og tilhøva med tanke på mikroorganismar, framandstoffar og algegifter kan difor variere svært mye mellom lokalitetane. Det er nødvendig med gode kontroller på kvart dyrkingsområde, og dette er svært kostbart. Nettopp difor har norske styresmakter valt å medfinansiere desse utgiftene.