Skriftleg spørsmål fra Eli Sollied Øveraas (Sp) til justisministeren

Dokument nr. 15:490 (2004-2005)
Innlevert: 09.02.2005
Sendt: 10.02.2005
Svart på: 16.02.2005 av justisminister Odd Einar Dørum

Eli Sollied Øveraas (Sp)

Spørsmål

Eli Sollied Øveraas (Sp): Natta mellom 6. og 7. november 2004 opplevde Åndalsnes og Rauma eit drama som rysta lokalsamfunnet. Ein ungdom væpna med kniv tok seg inn på eit diskotek og stakk ned folk då han brøyta seg veg inn i lokalet. I brev av 12. november 2004 rettar ordføraren i Rauma kommune diverse spørsmål til justisministeren om ressurstilgang og organisering som skal gi Rauma tryggleik i lokalsamfunnet.
Vil justisministeren gi svar på brevet frå ordføraren og ta initiativet til møte/samtale for å drøfte den aktuelle situasjonen?

Grunngiving

12. november 2004 sendte Rauma kommune ved ordføraren brev til justisdepartementet, der det vart sett fokus på knivstikkingssaka i Rauma 6./7. november 2004.
Ordføraren reiser ein del spørsmål, og han uttaler og vilje til samtaler eller møter med statsråden for vidare drøftingar. Så langt har ikkje Rauma kommune motteke svar frå justisdepartementet. Det synest svært urimeleg at justisdepartementet ikkje gir svar på ein henvendelse etter ei så alvorleg hending. Det har nå gått 3 månader sidan brevet vart sendt. Eg forventar at Rauma kommune snarast får eit svar på brevet sitt.

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Rauma kommune har fått brev 10. februar 2005, og eg er lei for at svaret kom seint.