Skriftleg spørsmål fra Rita Tveiten (A) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:512 (2004-2005)
Innlevert: 17.02.2005
Sendt: 17.02.2005
Svart på: 01.03.2005 av forsvarsminister Kristin Krohn Devold

Rita Tveiten (A)

Spørsmål

Rita Tveiten (A): Det er kjent at generalinspektøren for Sjøforsvaret vil gje erstatning til tilsette i Forsvaret som tenestegjorde ombord på marinefartøyet KNM "Kvikk". Undersøkingar viser samanheng mellom foreldres teneste ombord og dei 26 barna som i ettertid er fødde med misdanningar. Det var også vernepliktige om bord på KNM "Kvikk", som i ettertid har fått barn med misdanning.
Har ikkje staten eit ansvar også for vernepliktige, og kvifor vil ikkje Forsvaret undersøkja dei vernepliktige, på lik linje med befalet?

Grunngiving

NRK melder 28. januar om at Forsvaret ikkje vil undersøkja vernepliktige som var ombord på KNM "Kvikk". For meg tykkjest dette noko underleg all den tid staten pålegg unge menn å gjera førstegongsteneste for landet. Da må også staten ta ansvar for at dei som avtener slik teneste ikkje blir påført varige mén av denne tenesta. I alle fall bør ein slik eventuell samanheng undersøkjast. Elles kan dette negativt påverka viljen unge menn og kvinner har til å avtena verneplikt. Ei slik utvikling er det vel ingen som ønskjer.

Kristin Krohn Devold (H)

Svar

Kristin Krohn Devold: Eg viser til brev frå Stortingets president dagsett 17. februar 2005 med spørsmål frå representanten Rita Tveiten om dei vernepliktige si stilling i utgreiingsarbeidet omkring KNM "Kvikk".
KNM "Kvikk" er som kjent ein tidlegare kanontorpedobåt i Sjøforsvaret. Fartøyet blei kondemnert i 1995, men blei rekonstruert i 1997 i eit forsøk på å finne ein mogleg samanheng mellom stråling frå fartøyet sine instrument og misdanningar hos barn av tidlegare besetningsmedlem. Frå sommaren 1987 til desember 1994 var KNM "Kvikk" mellom anna utstyrt med ein 750 watts radiosendar.
Sakskomplekset har i tida etter dette vore greia ut av fleire ulike instansar, både sivile og militære, når det gjeld spørsmålet om årsakssamanheng mellom tenesta om bord på KNM "Kvikk" og misdanningane hos barna. Basert på dei undersøkingane som er gjort, er det i dag ikkje mogleg å etablere ein årsakssamanheng mellom radiofrekvensstråling om bord på fartøyet og eventuelle misdanningar blant barn av besetningsmedlem. Men seksjon for arbeidsmedisin ved Universitetet i Bergen (UiB) har, basert på spørjeundersøkingar, kome til at det er ein statistisk signifikant samanheng mellom teneste om bord på KNM "Kvikk" og misdanningar hos barn av besetningsmedlem. Undersøkinga byggjer blant anna på data innhenta i samband med Prosjekt HMS/Sjø, der det hausten 2002 blei sendt ut eit spørjeskjema til alle tilsette i Sjøforsvaret. Som ein konsekvens av dette har generalinspektøren for Sjøforsvaret, saman med foreldregruppa (ei interessegruppe av foreldre til nokre av barna), starta eit samarbeid om eit oppgjer til dei barna som har misdanningar.
I februar 2004 blei det i tillegg gitt eit oppdrag frå Forsvarsdepartementet til Forsvarets sanitet, der departementet ba Forsvarets sanitet greie ut kva for personell som tenestegjorde om bord i KNM "Kvikk" i den aktuelle perioden. Forsvarets sanitet fekk også i oppdrag å greie ut kor mange som hadde tenestegjort på KNM "Kvikk" og seinare fått barn med misdanningar. Dette har vist seg å vere eit svært omfattande arbeid. Forsvarets sanitet sende oppdraget vidare til Sjøforsvaret. Prosjekt HMS/Sjø gjennomførte hausten 2004 ein spørjeundersøking blant 16 000 tidlegare tilsette i Sjøforsvaret med tenestetid over 20 månader, for blant anna å kartleggje førekomsten av medfødde misdanningar, daudfødslar og nedsett fertilitet over ein lengre tidsperiode. Data frå denne delen av undersøkinga vil bli kontrollert opp mot fødselsregisteret. Sjøforsvaret vil gå i gang med å gjere dette i desse dagar.
Målgruppa for undersøkinga har blitt valt ut frå kva som har vore praktisk og ut frå vitskapelege kriterium satt av UiB. Vernepliktige har ikkje vore med i denne delen av utgreiingsarbeidet på grunn av avgrensingar i Forsvaret si personelldatabase.
Når data etter den siste undersøkinga er analysert av UiB, vil dette gje nyttig kunnskap også i forhold til det kompliserte arbeidet med å kartleggje personell som har avtent verneplikt om bord i KNM "Kvikk", og som har barn med medfødde misdanningar.
Det er i Forsvaret si interesse at alle sider av denne saka blir grundig undersøkt i forhold til alle personellgrupper, også dei vernepliktige som er omfatta. Viser det seg å vere auka førekomst hos dei vernepliktige, vil dei bli handsama etter dei same retningsliner som dei som har vore tilsette i Forsvaret.