Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:518 (2004-2005)
Innlevert: 18.02.2005
Sendt: 18.02.2005
Svart på: 25.02.2005 av nærings- og handelsminister Børge Brende

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Når kan me venta å få framlagt ei eiga sak for Stortinget om betre forvalting av statleg eigarskap?

Grunngiving

Våren 2003 fatta Stortinget vedtak om å be Regjeringa leggje fram ei sak for Stortinget om betre forvaltning av det statlege eigarskapet, slik at Stortinget kunne handsama saken i løpet av våren 2004. Det blei ikkje gjort. Næringskomiteen sitt fleirtal understreka difor i Budsjett-innst. S. nr. 8 (2004-2005) at fleirtalet forventar at Stortinget i løpet av våren 2005 vil få "Statseierskapsutvalget" sitt arbeid (NOU 2004:7) til handsaming.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Statseierskapsutvalget la 16. mars 2004 fram si utgreiing, NOU 2004:7 Statens forretningsmessige eierskap. Denne vart så sendt på brei høyring til involverte verksemder, næringslivets organisasjonar, departementa og Riksrevisjonen. Departementet har etter kvart motteke over 40 ulike merknadar til utgreiinga og forslaga frå utvalet.
Departementet går no gjennom utgreiinga frå utvalet, forslag og innkomne merknadar. Vidare har eg mellom anna bedt lovavdelinga i Justisdepartementet gjere ei ny og meir utførleg vurdering av forslaget i NOU 2004:7 om å oppheve aksjelova og allmennaksjelova § 20-4 nr. 4 og høvet til § 19 i Grunnlova.
I samband med Stortinget si handsaming av Budsjett-innst. S. nr. 8 (2004-2005) vart det lagt fram forslag til vedtak i Stortinget om at:

"Stortinget ber Regjeringen legge frem en sak om bedre organisering og forvaltning av det statlige eierskapet slik at Stortinget kan behandle det i løpet av våren 2005."

Forslaget vart ikkje vedteke. Eg tolkar det som at Stortinget ikkje ventar at saka vil verte fremja våren 2005.
Med grunnlag i innstillinga frå utvalet og dei ulike forslaga frå høyringsinstansane vil eg kome tilbake til Stortinget på eit passande tidspunkt.