Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:519 (2004-2005)
Innlevert: 18.02.2005
Sendt: 18.02.2005
Svart på: 25.02.2005 av nærings- og handelsminister Børge Brende

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Er det rett å krevje leige av dei musea som disponerar og tek vare på eigedomar som Næringsdepartementet eig?

Grunngiving

Fleire av Næringsdepartementet sine eigedomar er disponert av museum, t.d. nasjonale kulturskattar som Løkken og Folldal gruver. Desse driftar og tek vare på eigedomane. Ofte med stor frivillig innsats. Desse musea har no fått melding om at dei må betala leige for eigedomane dei disponerer.
Mens andre departement har etatsmuseum som dei støttar økonomisk, vil Næringsdepartementet no krevja leige frå dei som tek vare på den del av historia som dette departementet har ansvaret for.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Nærings- og handelsdepartementet er heimelshavar til ei rekkje eigedomar der det tidlegare har vore gruvedrift. Eigedomane er heimfalne til staten på bakgrunn av føresegner i dei bergverkskonsesjonar som i si tid vart gjevne.
Departementet har som grunneigar eit forvaltaransvar som mellom anna inneber arbeid med sikring, opprydding og tiltak for å avgrense forureining etter tidlegare gruvedrift. Ein del av eigedomane har i tillegg bygningar som er av kulturhistorisk verdi, og som det er departementet sitt ansvar å vedlikehalde. Til alle desse tiltaka har departementet store utgifter. Forureiningsansvaret aleine har dei siste 15 åra utgjort ei kostnad på om lag 60-70 mill. kr.
Departementet ønskjer å leggje til rette for anna type aktivitet på dei eigedomar som ikkje lenger kan brukast til gruveverksemd. For dei som vil drive verksemd på staten sin grunn krev departementet ordinær marknadsleige.
På fleire av eigedomane er det i dag museumsverksemd. Det er positivt at den kulturhistoriske arven blir teken vare på. Musea har avgrensa inntekter, og det er naturleg at dei ikkje skal betale full marknadsleige. Departementet har dei siste par åra difor kravd ei årleg leige på 5 000 kr.
Det overordna ansvaret for museumsdrift ligg under Kultur- og kyrkjedepartementet. Nærings- og handelsdepartementet har i tillegg til eit næringspolitisk ansvar for eksisterande og framtidig næringsverksemd eit ansvar som grunneigar. Dette omfattar sikring, vedlikehald av kulturhistoriske bygningar og å hindre forureining etter tidlegare gruvedrift. Det har vore store kostnader knytt til dei heimfalne eigedomane. Dei prioriteringar Stortinget har gitt ved sine løyvingar er følgde opp.
Når det gjeld Folldal dekkjer departementet utgifter til restaurering i inneverande statsbudsjett med ca. 2-300 000 kr. Dette er viktig for å kunne oppretthalde drifta av museet. I tillegg får museet støtte frå fylkeskommunen og Riksantikvaren til drift og vedlikehald av bygningane, på grunn av Folldal sin status som teknisk industrielt kulturminne.