Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:534 (2004-2005)
Innlevert: 21.02.2005
Sendt: 21.02.2005
Svart på: 25.02.2005 av nærings- og handelsminister Børge Brende

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Når kan me venta å få framlagt ein eigen odelstingsproposisjon for Stortinget med forslag til ny minerallov?

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Etter at Ot.prp. nr. 35 (1998-99) vart sendt attende frå Stortinget har departementet hatt ein kritisk gjennomgang av eksisterande regelverk, tidlegare utgreiingar og lovforslag, i tillegg til kontakt med ulike partar ei minerallov får følgjer for.
Arbeidet reiser ei rekkje tunge og komplekse problemstillingar. Det må til dømes avgjerast kva typar mineral som skal takast med i eit nytt regelverk og korleis sjølve reguleringa skal utformast. Samstundes må det vurderast ulike vektleggingar og løysingar i høve til næringsutøvarar, grunneigarar, rettane til urfolket og samfunnshøve elles. Det er òg viktig å ha ein dialog med dei viktigaste aktørane for å kartleggje dei ulike behova som finst og som ei ny lov må ta omsyn til.
Dette er forhold som krev ei grundig vurdering, og det er behov for å finne ei god og samla løysing før eit endeleg lovforslag kan verte lagt fram for Stortinget. Dette er eit tidkrevjande arbeid som framleis ikkje er avslutta.