Skriftleg spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:535 (2004-2005)
Innlevert: 21.02.2005
Sendt: 21.02.2005
Svart på: 24.02.2005 av utenriksminister Jan Petersen

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Er det mogleg for norske myndigheiter å påverka situasjonen til disse flyktningane gjennom å ta kontakt med dei aktuelle land sine myndigheiter?

Grunngiving

For ei stund sida rømte 81 iranske kurdarar, som budde i Al Tash-leiren i Irak frå 1982-2005, frå Al Tash-leiren. De har vært redd for arabarar som terroriserer området. De har rømt til grensa mellom Irak og Jordan for å komme inn til Al Karame leiren, som ligger i "ingenmannsland". Her har grensepolitiet nekta dei tilgang til Jordan og beordra dei til å reise tilbake til Al Tash.
Ifølgje informasjon eg har fått har grensepolitiet slått seks av disse flyktningane. Og to av disse seks var gravide kvinner som har mista barna sine, grunna den behandlinga de har fått av grensepolitiet. De er nå i ein vanskelig situasjon med lite mat og vann. 41 av disse 81 flyktningane er under 16 år, og 22 av dei er kvinner.

Jan Petersen (H)

Svar

Jan Petersen: Det er nå ifølgje opplysningar frå FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) 129 iranske kurdarar på den irakisk/jordanske grensa, etter at ei ny gruppe frå Al Tash-leiren kom dit 16. februar d.å. Dei er alle på irakisk side av grensa, der UNHCR ikkje har nærvær. Styresmaktene i Jordan vil ikkje sleppe flyktningane inn i leiren som er nemnd i spørsmålet ditt, i det såkalla "ingenmannsland" mellom Irak og Jordan.
UNHCR har fleire gongar bedt Jordan om å gi desse flyktningane mellombels vern. Så langt har ikkje styresmaktene i Jordan etterkome denne oppmodinga, men UNHCR har fått gi noko humanitær hjelp via Jordan Hashemite Charity Organization.
Noreg står i nært samband med UNHCR om situasjonen for desse flyktningane. Med sitt internasjonale mandat til å gi vern til flyktningar, er det naturleg at det i første rekkje er UNHCR som er i kontakt med styresmaktene i området for å ta vare på flyktningane sine vernebehov.
Eg viser elles til at kommunal- og regionalministeren skal svare på eit skriftleg spørsmål som òg er relatert til denne saka (nr. 529 frå representanten Heikki Holmås om eventuelt norsk mottak av flyktningar frå "ingenmannsland").