Skriftleg spørsmål fra Øyvind Korsberg (FrP) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:531 (2004-2005)
Innlevert: 18.02.2005
Sendt: 21.02.2005
Svart på: 01.03.2005 av miljøvernminister Knut Arild Hareide

Øyvind Korsberg (FrP)

Spørsmål

Øyvind Korsberg (FrP): Planane om steinutvinning i Seljestokken i Flora kan gje 20-30 nye arbeidsplassar som dei vart realisert. Diverre set Riksantikvaren ein stogg for planane, grunna gravrøyser i området nær utskipingskaia. Eit samla bystyre står samla om å avvise motsegna til Riksantikvaren.
Kva gjer statsråden for å sikra at eit samla lokaldemokrati blir høyrd og at saken blir løyst i lokalsamfunnets interesse?

Grunngiving

I avisa Firda 21. januar 2005 kan ein lesa at næringssjef Eivind Hjellum i Flora kommune er svært kritisk til Riksantikvaren og verneinteressene si rolle når det gjeld steinbrotet på Seljestokken, og kallar det ei overkøyring av lokaldemokratiet frå vernebyråkratiet i Oslo si side. Hjellum har inga forståing for at planane om å starte ei verksemd med 20 arbeidsplassar kanskje aldri blir realisert fordi vegen fram til steinbrotet blir liggjande i nærleiken av 2 gravrøyser. Spesielt med tanke på at fylkesvegen i området ligg berre 10-20 meter frå dei same gravrøysene, medan vegen til steinbrotet vil ha 50-meters klaring til dei same gravrøysene.
I Flora kommune åleine er det registrert rundt 170 gravrøyser, frå Stakaldneset i sør til Bremanger i nord. Dei to det er tale om, er små, delvis rasert og overgrodd, og furutrea har for lengst vekse gjennom steinhaugane. Det er også viktig å gjera oppmerksam på at gravrøysene ikkje blir øydelagt, men vegen blir liggjande 50 meter frå dei.
Frå partiet Høyre hører man at "Dette er eit spanande prosjekt som tek vare på naturen og kulturminne, og som gjev mange arbeidsplassar i lang tid framover".

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Eg viser til spørsmål vedrørande Seljestokken i Flora. Miljøverndepartementet har i brev av 26. januar 2005 frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane motteke reguleringsplan for steinutvinning på Seljestokken, jf. plan- og bygningsloven § 27-2 nr. 2, kor Riksantikvaren har motsegn. Motsegna gjeld områda for plassering av kaianlegg, transportband og drift.
Fordi departementet har saka til handsaming kan eg ikkje kommentere saka på det noverande tidspunktet.