Skriftleg spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:542 (2004-2005)
Innlevert: 22.02.2005
Sendt: 22.02.2005
Svart på: 01.03.2005 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Regionrådet i Nordhordland arbeider for tida med å leggje til rette for ei vegpakke for Bergen Nord og Nordhordland. Vegpakka som inkluderer lang tunnel mellom Nyborg og Nordhordlandsbrua har ei total kostnadsramme på 1,8 mrd. kr der opp mot halvparten er tenkt bompengefinansiert.
Vil kommunal- og regionalministeren vurdere om ei statleg fullfinansiering av denne vegpakka kan brukast som eit bidrag for å få til ei frivillig samanslåing av kommunane i Nordhordland?

Grunngiving

Nordhordlandskommunane Meland, Lindås, Radøy, Austrheim, Fedje og Masfjorden utgjer i dag ei naturleg geografisk eining. Betre infrastruktur kan knytte desse kommunane endå nærare saman. Innbyggjarane i desse kommunane har dei siste ca. 40 åra vore svært hardt belasta med bompengar, førehåndsbompengar og ferjekostnader. Dersom staten forpliktar seg til å fullfinansiere denne vegpakka utan bruk av bompengar og krev som motyting ei frivillig samanslåing av kommunane i Nordhordland, kan dette vere ei løysing som mange synest er interessant. I tilknyting til dette kan det også vere naturleg å vurdere om dei ferjesambanda som er nødvendig for å binde ein slik storkommune saman, vert gjort gratis for brukarane.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Kommunal- og regionaldepartementet disponerer ulike økonomiske verkemiddel som kan nyttast i samband med kommunesamanslutningar. Mellom desse inngår støtte til ulike infrastrukturtiltak som breiband, samferdselsprosjekt og andre infrastrukturtiltak.
I fleire områder der kommunane vurderer samanslutning er det føresett at eit samferdselsprosjekt vert realisert for at samanslutninga skal finne stad. Det kan vere ønskeleg for departementet å bidra til å dekke eit eventuelt behov for toppfinansiering i eit avgrensa omfang over skjønnsmidlane.
For at Kommunal- og regionaldepartementet skal kunne gå inn med skjønnsmidlar i eit samferdselsprosjekt må visse føresetnader ligge til grunn. Det vil vere av avgjerande tyding at all anna finansiering i prosjektet er sikra, at prosjektet er garantert gjennomføring gitt toppfinansieringsbidraget, og at behovet for toppfinansiering er av eit avgrensa omfang. Dette kjem i tillegg til eit behov for fagleg kvalitetssikring som må gjerast i samarbeid med samferdselsmyndigheitane, jf. St.prp. nr. 66 (2002-2003).
Det er ikkje etablert nokon langvarig praksis når det gjeld tildeling av midlar til samferdselsprosjekt. Døme på kommunar som har blitt tildelt støtte til samferdselsprosjekt, eller fått løfte om støtte gitt ei samanslutning, er Aure og Tustna som har fått 15 mill. kr i støtte til Imarsundforbindelsen, og Bjarkøy og Harstad, som vil få ei støtte på rundt 15-20 mill. kr til Bjarkøyforbindelsene dersom prosjektet vert realisert og kommunane sluttar seg saman.
Eg ser det ikkje som mogeleg at vi over skjønnsmidlane kan auke nivået som støtta har vore på, opp til det særs høge nivået som vert nemnt i spørsmålet. Eg har registrert at det frå fleire kantar av landet kjem forslag om å kople samferdselsprosjekt i milliardklassen til kommunesamanslutningar. Slik eg ser det, kan det ikkje forsvarast å gje så store midlar til einskildprosjekt for å oppnå kommunesamanslutningar. Eg har heile tida lagt vekt på at kommunesamanslutningar er eit middel for å gjere kommunane betre i stand til å yte gode tenester til innbyggarane og vere rammer for robuste lokalsamfunn også i framtida. Kommunesamanslutningar er ikkje eit mål i seg sjølv. Difor er forventningar om støtte til ulike samferdselsprosjekt av ein slik storleik ikkje realistisk å kople opp mot kommunesamanslutningar.