Skriftleg spørsmål fra Åsa Elvik (SV) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:577 (2004-2005)
Innlevert: 02.03.2005
Sendt: 03.03.2005
Svart på: 09.03.2005 av fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen

Åsa Elvik (SV)

Spørsmål

Åsa Elvik (SV): Avisa Klassekampen skriv i eit oppslag 1. mars 2005 om forekomsten av dioksin i oppdrettsfisk.
Hvilke initiativ vil statsråden ta for å ytterligare redusere forekomsten av miljøgifter i mat?

Grunngiving

Norsk fisk inneheld, samanlikna med fisk frå andre land, lågare og synkande verdiar av miljøgifter. Omfanget av dioksin og PCB i morsmjølk i Norge er redusert med 60 pst. fra 1986 til 2001, viser tal frå Folkehelsa. Årsaka er i første rekke strengare krav til forbrenningsanlegg, forbetringar i industrien og strengare terskelverdiar.
Likevel er fisk framleis ei viktig kjelde til miljøgiftene dioksin, brommerte flammehemmarar og PCB. Studiar viser at ammande barn er spesielt utsette, og at inntaket av miljøgifter gjennom morsmjølk stig over grenseverdiane 41 gonger i barnets første leveår.
Professor Henrik Huitfelst ved Institutt for patologi ved Rikshospitalet uttaler til Klassekampen at han meiner at myndighetene ikke har tatt nok hensyn til publiserte og kjente data rundt helseeffektene ved miljøgiftene.
Ifølge det omtalte oppslaget finnes det tilgjengelig forteknologi som kan få ned dioksininnholdet i laks.

Svein Ludvigsen (H)

Svar

Svein Ludvigsen: Norske styresmakter arbeider for å avgrense utsleppa av farlege stoff. At miljøgifter blir spreidd i naturen krev oppfølging både i form av overvaking, forsking på effektar og på risikoanalyse og risikovurderingar knytt til innhaldet av slike stoff i mat. Norske styresmakter følgjer arbeidet med risikovurderingar gjort av internasjonale og regionale organisasjonar som WHO/FAO, European Food Safety Authority (EFSA)/EU og utarbeider eige regelverk i tråd med tilrådingar frå desse og vitskapsmiljøet i Noreg. Nasjonalt stør norske styresmakter seg på risikovurderingar frå Vitskapskomiteen for mattryggleik.
Ekspertar innan mattryggleik fastlegg mengda av dei ulike stoffa som kan aksepterast ut i frå eit inntak pr. veke (TWI) gjennom maten. Denne mengda vert fastlagt ut frå det omsyn at inntaket av matvara i denne mengda gjennom heile livet ikkje skal føre til auka risiko for skade på helsa.
Dioksin og dioksinliknande PCB finn ein i dei fleste feite matvarer, og dei høgste verdiane er funne i mat av marint opphav, m.a. laks. Kvart år nyttar Mattilsynet store summar til overvaking av mellom anna fisk og fiskefôr. Overvakinga viser at laks frå havbruk ligg på eit stabilt, og relativt lågt nivå av dioksin og dioksinliknande PCB. Overvakinga med omsyn til brommerte flammehemmarar viser at nivået i norsk laks er særs lågt.
Med omsyn til fisk frå havbruk, er fôret til fisken ei vesentleg kjelde til innhald av framandstoff. Den beste metoden for å redusere mengda av desse stoffa, er gjennom reinsing av råvarene fiskeolje og -mjøl, og industrien arbeider med utvikling av metodar for å reinse råvarene. I den samanheng er det ei fagleg utfordring å utvikle reinsemetodar som ikkje samstundes fjernar dei stoffa som er verdfulle av ernæringsmessige omsyn (omega-3 fettsyrer og vitamin i fett).
I 2002 fastsette EU grenseverdiar for dioksin i fôr og mat, og det same vart gjort for dioksinliknande PCB i 2005. Norske ekspertar og representantar for styresmaktene har vore med i dette arbeidet, og fastsette verdiar er blitt norsk regelverk gjennom EØS-avtala. Generelt er nivåa av dei nemnte stoffa i norsk fisk langt under dei grenseverdiane EU har fastsett. EU tek sikte på å ta dei fastsette grenseverdiane opp til ny vurdering i 2007, og Noreg vil delta i dette arbeidet.
Når norske styresmakter fastset grenseverdiane av framandstoff, tar ein omsyn til heile verdikjeden, slik at maten skal vere trygg for forbrukaren. Samstundes er det viktig å hugsa at fisk er sunn mat. Ut frå ein ernæringsmessig synsvinkel er det ulike gode grunnar til å ete fisk og særleg feit fisk. Denne fisken er rik på mellom anna omega-3 fettsyrer, vitamin D, selén og jod. Inntak av feit fisk har vist seg å ha positiv innverknad på hjarte- og karsjukdommar, som er eit folkehelseproblem. Sosial- og helsedirektoratet og Mattilsynet gir ut frå ei samla vurdering råd om kosthald ut frå norske tilhøve.
Britiske styresmakter gav sist sommar råd om feit fisk i kosthaldet, og uttrykte at jenter og kvinner i fruktbar alder kan ete feit fisk opp til to gongar i veka medan resten av folket kan ete feit fisk opp til fire gongar i veka. For å få ei vurdering ut frå norske høve, har Mattilsynet bede Vitskapskomiteen for mattryggleik om å gjere ei tilsvarande heilskapleg vurdering der ein tar omsyn til både moglege negative effektar av miljøgifter og positive ernæringsmessige effektar.