Skriftleg spørsmål fra Gunnar Halvorsen (A) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:627 (2004-2005)
Innlevert: 17.03.2005
Sendt: 18.03.2005
Svart på: 04.04.2005 av forsvarsminister Kristin Krohn Devold

Gunnar Halvorsen (A)

Spørsmål

Gunnar Halvorsen (A): Utviklingsprosjektet Nytt Sjømålsmissil (NSM) har vore forseinka i høve til tidlegare tidsplan, og utviklingsprosjektet skal vel ferdigstillast i slutten av 2005. Spørsmålet er om denne forseinkinga, og eventuelt nye forseinkingar, får verknader for innfasing av NSM i den operative fartøystrukturen og kan medføra ytterlegare kostnader.
Kan statsråden gje ei oversikt over økonomisk og framdriftsmessig status for prosjektet NSM, spesielt med tanke på opplæring og innfasing i den nye fartøystrukturen i Sjøforsvaret?

Grunngiving

Framtidig fartøystruktur i Sjøforsvaret er avhengig av dei nye sjømålsmissila, ettersom desse missila skal installerast både på dei nye fregattane og MTB-ane.
Sitatet under er henta frå St.prp. nr. 54 (2003-2004):

"Det har vore ein føresetnad at det skulle leggjast fram eit nytt prosjekt for sjølve nyskaffinga av missilsystemet, samstundes med avslutninga av utviklingsprosjektet. Som omtala i St.prp. nr. 1 (2003-2004) er det enno ikkje tilstrekkeleg grunnlag til å ta stilling til eit nyskaffingsprosjekt. Det vil verte lagt fram for Stortinget når avgjerdsgrunnlaget er tilfredsstillande."

Dette spørsmålet blir fremja fordi prosjektet knytt til nye sjømålsmissil er av ein vidfamnande karakter, og av stor økonomisk og tidsmessig interesse for den framtidige forsvarsstrukturen.

Kristin Krohn Devold (H)

Svar

Kristin Krohn Devold: Prosjektet omfattar utviklinga av missilet, og kostnadsramma er 1 884 mill. kr, jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005). Utviklinga vert gjort av Kongsberg Defence & Aerospace (KDA) på grunnlag av ein fastpriskontrakt med Forsvaret. Dermed er det stor grad av forutsigbarheit kring over Forsvaret sine kostnader i utviklinga. Fastpriskontrakten er ein viktig faktor som gjer at KDA har sterkt press på seg til å bli ferdig. I samsvar med vanleg praksis er ein mindre del av kostnadene Forsvaret sitt direkte ansvar, mellom anna ved at vi skal sørgje for visse tenester knytt til utviklinga. Dei viktigaste av desse tenestene er å framskaffe skytefelt som er egna for utviklinga, og flytid med missilkomponentar og instrumentering integrert i jagarfly. Forseinkingar som inntreff, kan føre til meirutgifter for Forsvaret av denne typen i prosjektet, men for tida er dette ikkje avklart.
Etter at Forsvarsdepartementet la fram St.prp. nr. 1 (2004-2005), kom det fram at utviklingsfasen først vil kunne vere avslutta og godkjend i slutten av 2006, slik eg opplyste i svar på spørsmål 52 frå forsvarskomiteen i samband med St.prp. nr. 1 (2004-2005). Samstundes var det klart at KDA si utviklingsskyting i juni 2004 gav god von om at KDA ville kunne halde seg til denne tidsplanen. KDA skulle ha hatt ei ny skyting no før påske, men skytefeltet er blitt skada av lynnedslag slik at det ikkje kunne skje. KDA og Forsvaret arbeider i lag for å finne ei løysing med egna skytingar slik at dette skal få minimal konsekvens for framdrifta.
Innfasinga av missilet på dei nye fregattane og MTB-ane skal skje ved å etablere eit eige nyskaffingsprosjekt som vil bli lagt fram for Stortinget så snart avgjerdsgrunnlaget er tilfredsstillande. Vi kan førebels ikkje vite om dei siste problema med å få gjennomført ein utviklingsskyting vil få konsekvensar for dette planlagde prosjektet. Forsvaret har starta denne prosessen mellom anna med å be om visse tilbod frå KDA. Forsvarsdepartementet vil informere om status på vanleg måte i St.prp. nr. 1 for 2006.
Som i NSM-utviklingsprosjektet har Forsvaret også i andre prosjekt plikt til å skaffe visse tenester og produkt til rett tid. I fregattprosjektet er framdrifta slik at forseinkingane i utviklingsprosjektet vart ein risikofaktor i vår kontrakt med fregattleverandøren. Vi måtte då inngå kontrakt om mellom anna nokre av desse tenestene og produkta med KDA før nyskaffingsprosjektet kunne bli lagt fram. Vi la saka fram for Stortinget i St.prp. nr. 54 (2003-2004). Etter behandlinga i Stortinget, jf. Innst. S. nr. 220 (2003-2004), og etter forhandlingar, vart kontrakt inngått med KDA i desember 2004. Fregattleverandøren vil dermed få dei tenestene og produkta Forsvaret har plikt til å levere, for å trygge innfasinga av NSM.
Ulike typar opplæring er normalt ein del av dei forskjellige investeringsprosjekta (initiell opplæring) eller del av vanleg styrkeproduksjon i Forsvaret. Dei forseinkingane som er skjedd i utviklinga av NSM, vil etter det Forsvarsdepartementet har informasjon om ikkje føre til særskilte problem med opplæring.