Skriftleg spørsmål fra Eli Sollied Øveraas (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:700 (2004-2005)
Innlevert: 19.04.2005
Sendt: 20.04.2005
Svart på: 28.04.2005 av arbeids- og sosialminister Dagfinn Høybråten

Eli Sollied Øveraas (Sp)

Spørsmål

Eli Sollied Øveraas (Sp): Har svært sjuke åleineforsørgjarar med små barn, rett til stønad til SFO eller barnehageplass frå den kommune dei er busette i?


Grunngiving

Ei kvinne med diagnosen hjernesvulst, har tre barn i alderen 2-8 år. Ho er arbeidsufør. Foreldra til kvinna har bygd om huset sitt, slik at dei kan bu saman. Foreldra stiller og opp for kvinna og borna, og tek stor del i omsorga for borna. Både skule, PPT og legane til kvinna, anbefaler at borna nyttar SFO og barnehage. Borna har desse tilboda, og fram til nå, har Giske kommune dekt 50 pst. av utgiftene. Men nå har Giske kommune sagt nei til søknad om økonomisk støtte.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Med bakgrunn i lov om sosiale tenester og barnehagelova, må kommunen i kvart enkelt tilfelle vurdere om det er behov for å gi hjelp i heimen i form av heimehjelp eller husmorvikar, og/eller om det skal stillast ein barnehageplass til disposisjon. Kommunane skal ha ordningar for inntektsgradert betaling i barnehagar. Det er kommunane sjølv som fastset kva for kriterium og inntektsgrenser som skal gjelde for å kome inn under ei slik ordning.
Når det gjeld SFO, vart det øyremerka tilskotet til SFO innlemma i rammetilskotet til kommunane hausten 2003. Kommunane står derfor fritt til å velgje graderte satsar for eigenbetaling.
Uansett er det slik at kommunane med bakgrunn i lov om sosiale tenester skal gje dei som har krav på det naudsynt hjelp, enten det er økonomiske tilskot direkte eller tenester.
Stortinget har og i samband med behandlinga av St.meld. nr. 6 (2002-2003) bedt Regjeringa vurdere å endre reglane i folketrygda om stønad til barnetilsyn til einslege forsørgjarar slik at også åleineforsørgjarar som på grunn av at dei er uføre må overlate nødvendig tilsyn med barn til andre omfattast av dette regelverket, jf. romertalsvedtak IV.
Problemstillinga reiser ei rekke spørsmål som det er viktig å ta omsyn til:

- Stønad til barnetilsyn er eit tiltak som skal stimulere einslege forsørgjarar til yrkesretta aktivitet. Vilkåret for å få stønad til barnetilsyn etter dagens ordning er derfor at ein er i arbeid eller utdanning, eventuelt søkjar aktivt etter arbeid. Ei endring i tråd med Stortinget sitt forslag inneber ei endring av sentrale vilkår for ordninga.
- Problemstillinga knytt til behov for barnetilsyn på grunn av sjukdom eller uførleik, vil også kunne vere aktuell for par, sjølv om desse ofte vil kunne vere i ei betre økonomisk stilling til å dekke slike utgifter.
- Barnetilsynsordningar for uførepensjonistar må sjås i samband med barnetillegget knytt til uførepensjonsordninga og til andre typar avlastningsordningar, til dømes i kommunal regi.

Eg har bedt Rikstrygdeverket kome med ei utgreiing av desse spørsmåla, og eg vil kome tilbake til Stortinget med ei vurdering av denne saka i samband med budsjettframlegget for 2006.