Skriftleg spørsmål fra Sigrun Eng (A) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:726 (2004-2005)
Innlevert: 27.04.2005
Sendt: 27.04.2005
Svart på: 03.05.2005 av nærings- og handelsminister Børge Brende

Sigrun Eng (A)

Spørsmål

Sigrun Eng (A): Etter at rusmiljøet på Plata vart sprengt, har særleg nedre del av Karl Johans gate og sidegatene der fått mange rusavhengige personar utanfor verksemdene sine. Også Kirkens Bymisjon og sprøyterom i same område medverka til dette. Heile område er i ferd med å endre karakter. Kundegrunnlaget for forretningsdrift blir borte, andre verksemder som ikkje tåler dagslys overtek.
Er statsråden bekymra over at godt etablerte handlegater kan ende opp som slumstrøk om nokre år, og kan statsråden medverka med aktive tiltak?

Grunngiving

Med grunnlag i innspel ifrå næringsdrivande i Skippergata ynskjer ein synspunkt på tiltak som må skje i område om ikkje bydelen totalt skal endre karakter ifrå å vera ei attraktiv handlegate. til å bli eit kvartal i forfall. Gjentatt kontakt med Oslo kommune har ikkje ført fram. Det er kanskje ikkje berre eit Oslo-spørsmål heller, all den tid Oslo trekker til seg personar ifrå heile landet. Mange forretningar har alt lagt ned, fleire vurderer det same, og husværa blir overtatt av personar i prostitusjonsmiljøet på kveldstid. Om dagen finn kundar andre stader å handle, fordi ein ikkje føler seg vel med klikkar av rusmissbrukarar på trappa dit ein skal. Folk som set sprøyter på kvarandre er kvardagssyn, mange føler ubehag og redsel ved å gå der. Resultatet er ein bydel som hadde stor handelsaktivitetar no er i total endring. Dei attverande forretningane vurderer permitteringar, flytting eller nedlegging. Dette er ikkje hovudstaden verdig, ei heller dei rusavhengige har nokon verdigheit i å henge gatelangs. No skal det seiast at når politiet patruljerer er tilstanden betre, men dei er ikkje alltid der, og kan vel neppe vera det heller. Det vårast for kvar dag og erfaringane er då eit auka tilsig av personar som forsterkar denne negative trenden. Underteikna er bekymra for korleis ei gruppe blir kasteball i eit system som ikkje fungerer godt nok. Underteikna lurer på om ressursbruken kunne vore betre, men og ikkje minst vil vi ha ein del av hovudstaden vår lagt brakk og til forfalls. Mange har pussa opp fasadane sine i samband med 100-årsmarkeringa. Lite og inkje skjer i denne delen av byen, naturleg nok. Dei ynskjer seg signal ifrå diverse involverte departement, om noko vil skje, eller om haldninga er passiv i høve slik stoda vitterleg er.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Målet med tiltaka som er gjennomførde overfor rusmiljøet på Plata har mellom anna vore å bremse nyrekrutteringa til miljøet. Dessutan var miljøet i ferd med å kome ut av kontroll, med valdsbruk og kriminalitet. Elles må det nemnast at rusmiljøet har ført med seg problem i Kvadraturen også i tida før politiaksjonen rundt Oslo Sentralstasjon.
Saka er eit klart eksempel på at det kan vera vanskeleg å finne gode løysingar på problem der kryssande omsyn må vegast opp mot kvarandre. Oslo kommune har i samarbeid med Justisdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Kommunaldepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet utarbeidd ein tiltaksplan for rusmiljøa i Oslo sentrum. Planen går ut på å utvikle og styrkje tiltak som kan føre til at aktive rusmisbrukarar får alternativ til å halde til i sentrum, med ei framferd som er nedbrytande for dei sjølve og forstyrrande for omgivnadene.
Oslo kommune har, saman med andre fagmiljø og politiet, dei beste føresetnadene og er dei næraste til å finne den beste løysinga i saka. Eg har tillit til at partane i samarbeid vil finne fram til tiltak som kan snu den utviklinga vi har sett i Oslo sentrum i den seinare tida.